Vestre
STATSRÅD: Jan Christian Vestre vil ha slutt på at det offentlege handlar med useriøse aktørar. Foto: Torstein Bøe, NPK
Nytt

Vil sikre handel med seriøse aktørar

Regjeringa lanserer ny modell for å styrkje arbeidslivet.

13.01.2022

Nye reglar for arbeidslivet skal sikre at det offentlege handlar med seriøse aktørar, opplyser regjeringa.

Utarbeidinga av ein ny Noregs-modell for arbeidslivet vart varsla av Støre-regjeringa i Hurdalsplattforma.

– Den skal innehalde krav som i størst mogleg grad sikrar at det offentlege handlar med seriøse aktørar.

- Dette kan til dømes handle om krav til bruk av fagarbeidarar og lærlingar, tiltak som gir betre moglegheit for kontroll og sanksjonar, eller å forby kontantbetalingar for å gjere det vanskelegare å betale svart, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei pressemelding.

Dette kan til dømes handle om krav til bruk av fagarbeidarar og lærlingar
Jan Christian Vestre

Bygg og anlegg
Han varslar at regjeringa ønskjer eit tett samarbeid med partane i arbeidslivet, kommunesektoren og oppdragsgivarar om kva krav som bør inngå.

Næringane som først kan vente seg endringar, er bygg- og anleggsbransjen og reinhaldsbransjen.

– Vi vurderer mellom anna å styrkje krava til oppdragsgivarars kontroll og oppfølging av innkjøpa sine og å innføre krav til språkferdigheiter, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap).

Modellen skal òg bidra til at fleire unge får ein sjanse i arbeidslivet, skriv regjeringa.

Publisert: 13.01.2022 15:52

Sist oppdatert: 13.01.2022 16:26

Mer om