Vil sjå på eigarskapskonsentrasjonen i havbruk
Dersom Salmar får kjøpe oppdrettsselskapet NTS, vil fire selskap sitte på over halvparten av laksekonsesjonane her i landet.
Fiskeriministeren meiner det kan vere aktuelt å sette grenser for eigarskapskonsentrasjonen.
Denne veka vart det kjent at Salmar har lagt inn eit bod på over 15 milliardar for alle aksjane i NTS. Ifølgje E24 har dei allereie sikra seg over 50 prosent av aksjane.
Vil gå gjennom ordningane
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran følgjer utviklinga og seier til NT24 at regjeringa vil gå gjennom ordningane med løyve i havbruksnæringa for å sikre mangfald og lokalt eigarskap.
Ifølgje Ilaks vil eit samanslått NTS/Salmar kontrollere rundt 17 prosent av produksjonskapasiteten av laks i Noreg. Saman med Mowi, Cermaq og Lerøy vil dei ha kontroll over meir enn halvparten av laksekonsesjonane.
- Kan vere rett med grenser
Fiskeriministeren varslar ein gjennomgang av eigarstrukturane i havbruksnæringa.
– Vi meiner det kan vere rett å sette grenser for eigarskapskonsentrasjonen, seier Skjæran til NT24.
Salmar la fredag morgon fram resultatet for fjerde kvartal. Ifølgje E24 var det operasjonelle driftsresultatet på 890 millionar kroner litt dårlegare enn venta. Selskapet vil likevel utbetale eit utbyte på 20 kroner per aksje, totalt 2,36 milliardar kroner, og har ein marknadsverdi på over 80 milliardar på Oslo Børs.
Publisert: 18.02.2022 10:57
Sist oppdatert: 21.02.2022 14:39