Finefish
SANDSHAMN: Sjøgutt leverer til Finefish denne veka. Snart vert anlegget også rigga for å slakte oppdrettstorsk. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Vil tilby slakting av oppdrettstorsk

Finefish på Sandshamn er snart klar for å tilby slakting av oppdrettstorsk, og snart også naudslakting av laks.

02.08.2022

Det opplyser Ole Sande, som eig 50 prosent av morselskapet GO Group. Den andre halvparten eig Gjermund Bringsvor.

Dei to har satsa stort på å byggje opp eit moderne mottaksanlegg på Sandshamn, men i fjor gjekk konsernet i minus etter at Finefish Sandshamn hadde eit resultat på minus 4,1 millionar kroner.

Totalt omsette det Fosnavåg-baserte konsernet for 168,4 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på minus 1,5 millionar.

GO Group (konserntal)
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 168,4 175,9
Driftsresultat -0,4 6,5
Resultat før skatt -1,5 6,4

Ligg føre budsjett
Ole Sande seier at tapa i fjor har to hovedgrunnar.

- Utbygginga blei både forseinka og fordyra.

- I tillegg er våre kundar i stor grad innanfor Horeca-segmentet som har vore hardt ramma under pandemien.

Han seier at så langt i år er selskapet friskmeldt og tilbake i normal drift.

- Vi ligg litt foran budsjett pr 30. juni.

Oppdrettstorsk og laks
I tillegg til mottak av kvitifsk og skaldyr, er ein i gang med ytterlegare ei ny satsing.

- Vi held på å rigge anlegget for å kunne tilby slakting av torsk og etter kvart naudslakting av laks for å auke aktiviteten utanfor hovedsesongen januar-april.

- Dette hadde vi ikkje kunna gjort utan den utbygginga som blei gjort i 2021, seier Sande.

Då satsa Ole Sande og Gjermund Bringsvor 32 millionar kroner i nytt bygg, og i tillegg 12 millionar kroner i nye maskiner for å gjere det tidlegare Sandefisk-anlegget moderne.

Her er det bygt rundt 1800 kvadratmeter nytt areal, blant anna med nytt fryseri, nytt kjølerom, nytt tørrlager og nytt stort emballasjerom, samt nye garderobar, sanitæranlegg og ei romsleg kantine der dei tilsette vil få servert mat to gongar i døgnet.

Internlogistikken er også kraftig forbetra, og for å kunne ta imot større båtar er innfrysingskapasiteteten fleirdobla til 35 tonn i døgnet.

Finefish Ole Sande og Gjermund Bringsvor 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
SATSAR: 44 millionar kroner har Ole Sande og Gjermund Bringsvor satsa på det nye Finefish-anlegget. No vil ein utvide med fleire produkt og tenester. Foto: Kjetil Haanes
Vi ser veldig lyst på det som skal skje framover og opplever god etterspørsel etter varer og tenester
Ole Sande

Er optimist
Ole Sande er optimist.

- Vi ser veldig lyst på det som skal skje framover og opplever god etterspørsel etter varer og tenester.

I tillegg til Finefish omfattar konsernet også heileigde Byggenheim og Herøy Malarservice, samt fleire deleigde selskap.

Totalt sysselsette konsernet 34 årsverk i fjor.

- Arbeidskraft er alltid ei utfordring i denne bransjen, men vi har heldigvis ei lokal stamme som er veldig dyktige, seier Sande.

Konsernet har ein samla eigenkapital på 27,1 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 31,6 millionar.

Publisert: 02.08.2022 09:45

Sist oppdatert: 02.08.2022 12:39

Mer om