- Eg har halde på med dette i 30 år, og det er dette eg likar og kan. Eg er klar til å vere med vidare.
Det seier dagleg leiar Eldar Stein Flø i Flø feriesenter.
Han eig senteret saman med sju andre. Før jul i fjor var det nær at senteret vart seld.
- Ja, vi hadde ein aktør som ville kjøpe heile senteret, men utan å ha oss andre med. Det var planar vi ikkje likte så godt, seier Flø.
Men så dukka det opp ein lokal aktør, som la fram planar for å vidareutvikle senteret, byggje fleire hytter og i tillegg tilby ei rekkje andre tilbod.
- Dette er utruleg spennande, og noko vi gjerne vil vere med på, seier Flø.
Han er 67 år, har hatt dette som livsstil og har lyst til å vere med å byggje ut tilbodet.
- Sjå berre på Olav Thon. Når han klarer å halde det gåande i sin alder, så må eg også klare det.
Til kvar hytte høyrer det med ein båt, og i starten vart senteret mykje brukt av tyskerarar og østerrikarar som kom for å fiske, gjerne i store mengder.
Dette har no endra seg.
- I det siste har det vorte stadig fleire nordmenn som har oppdag Flø som reisemål.
- I tillegg har vi hatt mykje utleige til verftsarbeidarar, seier Eldar Stein Flø.
- Her er det mange aktive bønder, ein smal veg og hus tett inntil vegen. Det er difor mange omsyn som må takast når vi no legg nye planar.
I første omgang er det snakk om å byggje nokre fleire hytter.
I tillegg har senteret fått innvilga løyve til å bruke Grasøyane, også i deler av hekkesesongen.
- Her har vi også tilgang til bygningane, og vi ser for oss at vi kan arrangere opplevingsturar til Grasøyane.
- Dei endelege avtalane er ikkje signerte, men vi håper og trur dette går i orden.
- Uansett er dagens eigarar no klare til å vere med vidare.
Etter det NETT NO kjenner til er det fleire akørar, både norske og utanlandske, som har vist interesse for Flø feriesenter.
Nyleg drog også det internasjonale reiselivsselskapet Tumlare til Sunnmøre på eige initiativ. Då skal dei ha sett seg ut Flø spesielt, som ein plass dei hadde spesielt ønske om å besøke.
I eit strateginotat har kommunen peika på Flø, Borgarøya og den maritime industrien som "fyrtårn" for ei reiselivssatsing i Ulstein.
Flø feriesenter hadde i 2017 eit resultat på vel 0,5 millionar kroner av ei omsetning på 1,7 millionar.
Selskapet er gjeldfritt.
Det seier dagleg leiar Eldar Stein Flø i Flø feriesenter.
Han eig senteret saman med sju andre. Før jul i fjor var det nær at senteret vart seld.
- Ja, vi hadde ein aktør som ville kjøpe heile senteret, men utan å ha oss andre med. Det var planar vi ikkje likte så godt, seier Flø.
Men så dukka det opp ein lokal aktør, som la fram planar for å vidareutvikle senteret, byggje fleire hytter og i tillegg tilby ei rekkje andre tilbod.
- Dette er utruleg spennande, og noko vi gjerne vil vere med på, seier Flø.
Han er 67 år, har hatt dette som livsstil og har lyst til å vere med å byggje ut tilbodet.
- Sjå berre på Olav Thon. Når han klarer å halde det gåande i sin alder, så må eg også klare det.
Fleire nordmenn
I dag er det åtte store vinterisolerte hytter ved Flø feriesenter. I illegg er der areal til bubilar og telt.Til kvar hytte høyrer det med ein båt, og i starten vart senteret mykje brukt av tyskerarar og østerrikarar som kom for å fiske, gjerne i store mengder.
Dette har no endra seg.
- I det siste har det vorte stadig fleire nordmenn som har oppdag Flø som reisemål.
- I tillegg har vi hatt mykje utleige til verftsarbeidarar, seier Eldar Stein Flø.
Vil bruke Grasøyane
Styreleiar Atle Birger Flø seier at ein vil utvikle senteret i nær dialog med bygda.- Her er det mange aktive bønder, ein smal veg og hus tett inntil vegen. Det er difor mange omsyn som må takast når vi no legg nye planar.
I første omgang er det snakk om å byggje nokre fleire hytter.
I tillegg har senteret fått innvilga løyve til å bruke Grasøyane, også i deler av hekkesesongen.
- Her har vi også tilgang til bygningane, og vi ser for oss at vi kan arrangere opplevingsturar til Grasøyane.
Stor interesse
Atle Birger Flø er glad for at ein no ser inn til å få samarbeid ein lokal aktør.- Dei endelege avtalane er ikkje signerte, men vi håper og trur dette går i orden.
- Uansett er dagens eigarar no klare til å vere med vidare.
Etter det NETT NO kjenner til er det fleire akørar, både norske og utanlandske, som har vist interesse for Flø feriesenter.
Nyleg drog også det internasjonale reiselivsselskapet Tumlare til Sunnmøre på eige initiativ. Då skal dei ha sett seg ut Flø spesielt, som ein plass dei hadde spesielt ønske om å besøke.
Fyrtårn
Nyleg var også bygdefolket på Flø samla til informasjonsmøte der ordførar Knut Erik Engh i Ulstein informerte og svarte på spørsmål om arbeidet med ein ny reiselivsplan.I eit strateginotat har kommunen peika på Flø, Borgarøya og den maritime industrien som "fyrtårn" for ei reiselivssatsing i Ulstein.
Flø feriesenter hadde i 2017 eit resultat på vel 0,5 millionar kroner av ei omsetning på 1,7 millionar.
Selskapet er gjeldfritt.
Sjå berre på Olav Thon. Når han klarer å halde det gåande i sin alder, så må eg også klare det
Publisert: 25.02.2019 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31