Vardlogo foto Ogne
STOR ARBEIDSGIVAR: Vard Group har omlag 1300 tilsette på Nordvestlandet og 8000 på verdbasis, med skipsverft i Noreg, Romania, Vietnam og Brasil. Hovudkontoret er i Ålesund. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vindkraft-optimisme i Vard

Ventar kraftig vekst i bygging av vindkraft-skip. Krympar underskotet.

02.08.2022

I tida fram til 2030 ventar Vard at det skal byggast mellom 57 og 72 skip som skal brukast til utbygging og vedlikehald av vindkraftanlegg til havs. 29-36 av desse kontraktane kan hamne hos Vard-verfta, skriv selskapet i årsmeldinga for 2021.

I dag har Vard over 50 prosent av marknaden for bygging av denne type skip, og målet er å oppretthalde den marknadsandelen, ifølgje årsmeldinga.

Fincantieri i ryggen
Det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri, som eig Vard, har dei siste åra stilt opp med lån og garantiar for å finansiere Vard.

Den siste auken i lånet kom i fjor.

Finansieringa frå Fincantieri har vore avgjerande for å halde Vard gåande gjennom fleire år med milliardunderskot.

No er status at Vard har ei finansiering der selskapet ikkje står i fare for å ikkje kunne oppfylle vilkår på lån frå andre kreditorar og selskapet. Lånet frå Fincantieri er eit lån som Vard kan trekke på når det trengst, ein rett som per i dag ikkje er fullt utnytta. I tillegg har selskapet ein inntektsstraum som også betrar den finansielle situasjonen.

Framleis minus
Trass i betring gjekk Vard i minus også i 2021, slik Vard-konsernet har gjort kvart år sidan 2014. Det samla resultatet før skatt i åra 2014-2021 er 9,7 milliardar kroner.

Vard Group eig tre skipsverft på Nordvestlandet, Vard Brattvåg, Vard Søviknes og Vard Langsten. I tillegg omfattar konsernet to skrogverft i Romania, eitt verft i Vietnam og eitt i Brasil. Vard-konsernet omfattar mellom anna også Vard Electro, Vard Piping og Vard Design.

Resultatet er framleis prega av nedskrivingar på investeringar i datterselskap og kostnaden med å handtere mange kompliserte prosjekt samstundes, ifølgje årsmeldinga.

28 skip i ordre
I fjor vart det levert fem fartøy frå Vard-verfta på Nordvestlandet og tre frå Vietnam.

Dei norske verfta fekk fem kontraktar, eitt fiskefartøy, eitt cruisefartøy og to fartøy til vindkraftbransjen. Verftet i Vietnam fekk kontraktar på seks vindkraftfartøy.

Ved utgangen av 2021 hadde Vard Group 28 skip under bygging eller i bestilling, 16 av dei i Vietnam. Verdien av ordreboka var 14,4 milliardar kroner.

32 prosent av ordreboka er i cruisesegmentet, 20 prosent er dei nye fartøya til Kystvakta. Vard Group har også offshorefartøy (både til olje og vind) og fiskefartøy i ordreboka.

Vard Group as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt6194,26540,5
Driftsresultat-658,4-1001,6
Resultat før skatt-766,1-1842,6

Publisert: 02.08.2022 08:30

Sist oppdatert: 02.08.2022 09:53

Mer om