Statssekretær i Liv Lønnum i Olje- og energidepartementet, Knut Erik Steen i vindkraftindustriorganisasjonen Norwegian Energy Partners og skipper Pål Roaldsnes i Nordic Wildfish innleiar til debatt på Fiskebåt Vest sitt årsmøte i Fosnavåg fredag 13. desember.
Etterkvart som etterspørselen etter areal for vindkraftproduksjon til havs aukar, aukar også konflikten mellom fiskeri- og vindkraftinteressene.
Fiskebåt har tidlegare i haust protestert mot vindkraftanlegg til havs og klaga over at innvendingane frå fiskarhald ikkje blir høyrd.
- Vi er ikkje mot havbasert vindkraft, men ønskjer å vere med i dialogen før det blir lagt til rette for nye vindkraftanlegg i havet. Fleire stader kjem anlegga i konflikt med viktige gyte- og fiskeområde. Det bør vi prøve å unngå, seier informasjonsleiar Odd Kristian Dahle i Fiskebåt i ei pressemelding.
Årsmøtet skal og diskutere Regjeringa sitt framlegget til nytt kvotesystem, der innføring av ein statleg kvotebank er den mest omstridde delen av framlegget.
Fiskebåt Vest er eit regionlag i Fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten. Landsmøtet til Fiskebåt er i februar neste år.

Publisert: 11.12.2019 12:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47