Haramsøya protest
OLJE PÅ VATNET: Regjeringa håpar mellom anna at kommunale inntekter frå vindkraftanlegg skal dempe konkflikten knytta til vindkraftutbygginga. Biletet er frå demonstrasjonane mot utbygging av vindkraftanlegg på Haramsøya.
Nytt

Vindkraftskatt til kommunane

Neste år skal vindkraftselskap betale avgift til kommunane vindkraftanlegga står i.

11.05.2021

Regjeringa vil innføre ei produksjonsavgift på vindkraftanlegga frå og med neste år. Inntektene frå avgifta skal gå til kommunane vindkraftanlegga står i.

Det er i framlegget til revidert nasjonalbudsjett 2021 at regjeringa varslar den nye vindkraftavgifta.

Kor stor den blir skal vere avklart til hausten, når budsjettet for 2022 blir lagt fram. Finansminister Jan Tore Sanner (H) seier det er snakk om ei "moderat" avgift.

Ei produksjonsavgift betyr at avgifta blir knytt til produksjonen til vindkraftanlegga, og skal betalast uavhengig av lønsemda til kraftselskapa.

– Det er viktig for oss å bidra til at kommunane sit igjen med ein større andel av verdiskapinga frå vindkrafta. Jeg håpar dette vil kunne vere eit bidrag til å senke konfliktnivået knytta til vindkraft, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) i ein melding frå regjeringa.

Publisert: 11.05.2021 12:33

Sist oppdatert: 11.05.2021 12:45

Mer om