Vindturbinar kuttar TV signalet i Bremanger
TV-PROBLEM: Vindmøller skaper problem for TV_sjåarar i Bremanger.
Nytt

Vindturbinar kuttar TV-signalet i Bremanger

Folk i Berle får ikkje sett på fjernsyn.

28.01.2020
NPK-NTB: Folk i Berle i Bremanger får ikkje sett på fjernsyn. Årsaka er vindturbinane i den nye vindparken på Hennøyfjellet i Nordfjord.
– Eg er interessert i sport og skirenn, men det er ikkje mogleg for meg å sjå slik forholda er. Eg betaler for ei vare eg ikkje får levert. Det er frykteleg irriterande, seier Isak Berle til .
Vindparken starta drifta i desember, og forstyrringane på TV-sendingane byrja samtidig. Etter kvart vart det klart for bygdefolket kva som var årsaka.

Skuldar på NVE

Det er Norges Televisjon (NTV) som har ansvar for drifta av det digitale bakkenettet for TV.
NTV meiner Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har skulda for at folk i den vesle vestlandsbygda har mista signala.
Administrerande direktør Trude Malterud i Norges Televisjon krev at dei forstyrrande turbinane blir stoppa til problemet er løyst.
– På den måten vil bygdefolket få sjå TV igjen, seier ho til kanalen.

Ingen snarleg betring

NVE vil derimot ikkje love at det blir aktuelt å stengje med turbinane, og direktør i konsesjonsavdelinga i NVE, Rune Flatby, kan heller ikkje love snarleg betring.
– Vi må få på plass ein dialog med aktuelle partar før eg kan seie noko nærare om tidspunktet for det, seier han.

Publisert: 28.01.2020 08:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51