Vinjenaustet paa plass paa Nordfjordeid
PÅ PLASS: Vinjenaustet har auka satsinga i marknaden for  souvernir- og turistartiklar. Georgios Trekas er leiar for butikken på Nordfjordeid, som opna dørene då det første cruiseskipet kom i dag.
Nytt

Vinjenaustet på plass på Nordfjordeid

Souvenirselskapet Vinjenaustet har etablert seg på Nordfjordeid. 

22.05.2019
- Vi får vente og sjå, er alt dagleg leiar og medeigar Karl Øyvin Hjelle i Vinjenaustet har tid til å seie om selskapet sine forventingar til forretninga på Nordfjordeid.
"Gifts & Souvenirs" er den første forretninga turistane frå cruiseskipa møtet når dei kjem til Eid. Inngangsdøra er berre nokre få meter frå der turistane kjem opp på kaia og butikken er fyllt opp av plagg og andre turistartiklar samt tradisjonelle turistartiklar.


Vekst

Vinjenaustet har hovedkontor og butikk i Geiranger, og er også den klart største aktøren i marknaden for souvenir- og turistartiklar i Ålesund.
Til saman fem butikkar i Ålesund sentrum hadde selskapet i fjor. Hovedbutikken er Fjordbua Ålesund i Kongens gate, som er open heile året. Selskapet har også butikk i Notnesgata 14, Kongens gate 13, Kongens gate 16 og Storgata 16.
I 2017 hadde selskapet 69 millionar kroner i driftsinntekter og fekk eit resultat før skatt på 7,4 millioner kroner.

Årets kremmar

I 2016 vart Vinjenaustet kåra til Årets Kremmer på Sunnmøre av Sparebank 1 SMN.

Då hadde selskapet utsalg i Stavanger, i tillegg til Geiranger og Ålesund, og var i ferd med å etablere butikken i Trondheim. Selskapet har og utsal i Olden.

Publisert: 22.05.2019 17:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35