Rema
BLINDHEIM: God vekst for Rema 1000-butikken på Blindheim. Foto: Sunnmøre Mat
Nytt

Rema-butikk passerte 100 millionar

God vekst for Blindheim-butikk.

28.03.2023

Ei rekke Rema 1000-butikkar er no ute med resultata for 2022. Høgast omsetning har Rema 1000 på Blindheim, som er eigd av selskapet Sunnmøre Mat. Bak står Egil og Pergunn Gjerdsbakk.

Blindheim-butikken passerte i fjor for første gang 100 millionar kroner, kom opp i 105,5 millionar i omsetning og hadde eit resultat før skatt på 2,7 millionar.

Selskapet sysselsette totalt 13 årsverk, og har ein samla eigenkapital på 2,2 millionar.

  • Rema 1000 på Moa omsette i fjor for 79,1 millionar kroner, opp frå 71,6 millionar året før.
  • Rema 1000 i Langevåg omsette for 67,2 millionar, opp frå 64,9 millionar.
  • Rema 1000 på Gåseid auka omsetninga frå 66,6 millionar kroner i 2021 til 70,2 millionar i fjor.

I sitt første heile driftsår omsette Rema 1000 i Ørsta for 57,2 millionar kroner.

Alle selskapa gjekk i pluss, med unntak av Rema 1000 i Langevåg, som hadde eit resultat før skatt på minus 0,3 millionar kroner.

Publisert: 28.03.2023 10:02

Sist oppdatert: 29.03.2023 04:19

Mer om