Virusfrykt gav største børsnedgang på eitt år
Store fall for selskap frå nordvest, men økonomar trur det kan roe seg raskt.
(NETT NO-NPK-NTB-Snorre Schjønberg): Hovudindeksen på Oslo Børs fall 3,2 prosent etter virusfrykt fredag. Sjeføkonomar trur det var ein fryktreaksjon og at marknadene kan hente seg inn.
Det er den største nedgangen sidan september i fjor. Hovudindeksen enda på 1.174,93 poeng.
Ein ny variant av koronaviruset blir gitt skulda for ei eksplosiv smitteoppblomstring i Sør-Afrika. Det gav børsnedgang verda over, også på Oslo Børs.
Der var nær sagt alle aksjekursar i nedgang fredag, med unntak av til dømes Kahoot, som steig med 3,64 prosent.
Aller verst gjekk det ut over Norwegian (-10,27 prosent), DNO (-9 prosent) og Aker Solutions (-8,04 prosent). Børsgiganten Equinor registrerte ein nedgang på heile 4,29 prosent, medan DNB fall 5,31 prosent og Aker 6,35 prosent.
Store fall
Fire selskap med base på Nordvestlandet fall over fem prosent fredag.
Hexagon Composites fall 5,56 prosent, til 35,98 kroner aksjen.
Atlantic Seafood fall 5,38 prosent, til 40,45 kroner aksjen.
Nortel-aksjen svekka seg med 5,22 prosent, og enda på 23,60 kroner aksjen.
Hav Group gjekk ned akkurat fem prosent, til 15,20 kroner.
Motsett veg gjekk Hofseth Biocare. Aksjekursen slutta på 6,40 kroner, opp 2,89 prosent.
Trur på innhenting
Sjeføkonom Erik Bruce i Nordea trur likevel ikkje det er grunn til å byrje å snakke om at det er starten på ein større nedgangsperiode.
– Eg trur det i all hovudsak er ein fryktreaksjon, det blir skapt uvisse om gjenopninga og innhentinga av økonomien kan gå som planlagt. Kanskje det kan bli nokre tilbakeslag. Sånn er det kvar gong vi får dårlege nyheiter, då blir det mykje uro, seier Bruce til NTB.
Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB seier at dette i verste fall kan vere starten på ein ny periode med nedgang i aktivitet og oppgang, men berre dersom den nye varianten viser seg å vere mutanten vi har frykta. Det er så langt ikkje noko som konkret tyder på at han gir meir alvorleg sjukdom enn dei tidlegare variantane.
– Men sikker kan ein ikkje vere, så det er derfor marknadene etter ein lang periode med optimisme og god stemning, no får seg ein nedtur i dag, seier ho til NTB.
– Det er ikkje alvorleg at børsane fell som i dag. Det er relativt store utslag, men det kjem etter ein veldig lang oppgangsperiode. Så det er langt innanfor det ein kan forvente av svingingar som kan oppstå, påpeikar Haugland.
Ventar og ser
Bruce og Haugland seier alt no avheng av nyheiter om kor alvorleg den nye virusvarianten er.
– Viss vi ikkje får dårlegare nyheiter framover, trur eg det vil roe seg ned. Erfaringane er at marknaden har sett litt gjennom pandemiproblem og hatt blikket på at ein dag skal vi leve som normalt, seier Bruce.
Marknadene er i ein vente og sjå-fase, seier Haugland.
– Oppgangen i år har nesten ikkje set ut til å ta nokon ende. Så vi kan ikkje la oss skremme av ein dag med relativt store fall, seier ho.
Aksjekursane fall fredag jamt over i alle sektorar, ikkje berre i dei pandemiutsette bransjane. Særleg for reiselivet kan vinteren med smitteauke gi vanskelege tider.
Større frykt for inflasjon
Men at det blir ein brei nedgang, det er det ingenting som tyder på no, meiner Bruce.
– Det trur eg ikkje, bekymringa er snarare at ting skal gå for fort, og det blir eit inflasjonsproblem. Nedtur skal mykje til, og då vil vi òg få ein reaksjon frå sentralbankane som er positive for marknaden, seier han.
Virusvarianten har ført til frykt for at regjeringane i verda igjen skal innføre restriksjonar på det globale reiselivet, noko som pregar både næringa og oljeprisen.
Prisen for eit fat nordsjøolje var ved børsslutt 74,90, ein nedgang på 7,34 prosent.
Trass nedgangen fredag, er hovudindeksen på Oslo Børs opp 20,63 prosent så langt i år.
Nedgangen fredag spegla seg i internasjonale marknader. Londons FTSE 100-indeks var ned 3,16 prosent, Dax-indeksen i Tyskland ned 3,45 prosent og USA-børsane opna dagen med raude tal.
Publisert: 26.11.2021 17:34
Sist oppdatert: 26.11.2021 17:44