NPK/NETT NO: Den spesielle sightseeing-båten kom til Oslo torsdag kveld og skal framover mot jul ta oslofolk med på julecruise frå Oslo til Drøbak kvar søndag og måndag. Resten av veka skal båten leigast ut til bedriftsmarknaden gjennom restaurantselskapet Fursetgruppen, fortel salssjef Helle Bakkeland i reiselivsselskapet Flåm AS.
– Vintertrafikken i Nærøyfjorden er ikkje større enn at den andre båten vår, Future of the Fjords, har kapasitet nok der. Dermed har vi kunna flytte Vision of the Fjords til Oslo i vinter, seier Bakkeland.
Vision of the Fjords og søsterskipet Future of the Fjords er eigd av selskapet The Fjords, som i vår tinga enda eit heilelektrisk karbonfiberskip frå Brødrene Aa i Gloppen. Den skal etter planen vere ferdig til 1. juli 2019.
The Fjords lanserte i sommar også ei sommarrute frå Ålesund til Øye i Hjørundfjorden. Selskapet skal køyre den ruta også neste år.
Selskapet Geiranger Fjordservice starta i sommar ei båtrute Ålesund-Geiranger. Det er eit sommarrute, frå 1. november og fram til turistsesongen skal båten ha base i Ålesund.
– Vintertrafikken i Nærøyfjorden er ikkje større enn at den andre båten vår, Future of the Fjords, har kapasitet nok der. Dermed har vi kunna flytte Vision of the Fjords til Oslo i vinter, seier Bakkeland.
Utnyttar kapasiteten
Ho fortel at Vision of the Fjords skal gå i Oslofjorden fram til 2. påskedag før det igjen er bruk for båten i turisttrafikken mellom Flåm og Gudvangen.Vision of the Fjords og søsterskipet Future of the Fjords er eigd av selskapet The Fjords, som i vår tinga enda eit heilelektrisk karbonfiberskip frå Brødrene Aa i Gloppen. Den skal etter planen vere ferdig til 1. juli 2019.
The Fjords lanserte i sommar også ei sommarrute frå Ålesund til Øye i Hjørundfjorden. Selskapet skal køyre den ruta også neste år.
Selskapet Geiranger Fjordservice starta i sommar ei båtrute Ålesund-Geiranger. Det er eit sommarrute, frå 1. november og fram til turistsesongen skal båten ha base i Ålesund.
Publisert: 25.10.2018 15:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27






