Volda Maskin aarets bedrift
NY PRIS: Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (tv.) delte ut prisen som årets lærebedrift til Jon Grebstad (nummer tre fra venstre) i Volda Maskin, under konferansen Artic Entreprenør tidlegare i år. No er Volda Maskin også kåra til Årets Bedrift i Møre og Romsdal. Nummer to fra venstre er opplæringskonsulent Espen Wicken i Opplæringskontoret for anleggs- og bergfaga i Møre og Romsdal. Til høgre administrerande direktør Julie Brodtkorp i MEF.
Nytt

Volda Maskin årets bedrift

Volda Maskin får ny pris for lærling-satsinga si. 

22.11.2019
- Selskapet tek eit tydeleg samfunnsansvar gjennom å satse på lærlingar, fagleg utvikling og støtte til frivillig arbeid. Vi er imponert over kva selskapet har fått til, seier leiar av regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Runar Vestheim .
Jon Grebstad i anleggsfirmaet Volda Maskin starta med å ta inn lærlingar i 1997. Firmaet har 60 på lønningslista og 30-40 prosent av dei har vore lærlingar i bedrifta. Over 13 prosent av arbeidstokken er lærlingar. Det handlar om rekruttering.
- Vi har aldri søkt etter folk, sa Grebstad til NETT NO tidlegare i vinter, etter at Maskinentreprenøres Forbund .

25 bedrifter var nominert til prisen Årets Bedrifter i Møre og Romsdal, og utvalet behandla saka tysdag 13. mars. Prisen blir delt ut på fylkestinget i april.
Volda Maskin hadde 130 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 4,4 millionar kroner i 2016.

Publisert: 22.11.2019 10:44

Sist oppdatert: 23.11.2021 11:07