rettssal illustrasjon foto marius 11
MÅ BETALE: Volda-selskapet må ut med 1,1 millionar kroner i erstatning og rundt 300.000 i sakskostnader til trønderselskap etter bygging av kraftlinje på Sunnmøre. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Volda-selskap må punge ut nær 1,4 millionar

Dømd til erstatning i tvistesak som retten meiner ikkje burde vore fremma.

Marius Rosbach
17.11.2022

Volda Maskin er dømd til å betale drøyt 1,1 millionar kroner i erstatning til trønderselskapet Kraftmontasjen. I tillegg må dei betale sakskostnader på nær 300.000 kroner, ifølgje dommen frå Møre og Romsdal tingrett.

Partene møttest til tvistesaka i Volda etter at det oppstod usemje kring arbeid Volda-selskapet utførte på ei kraftlinje på Sunnmøre i 2020.

Usamde om betalinga
Hovudpoenget i saka er at selskapa var usamde om korleis arbeidet skulle betalast. Kraftmontasje hevda heile tida at partane var samde om at det skulle betalast einingspris per mastepunkt som vart installert.

Likevel sende Volda Maskin fakturaer for utført arbeid på timesbasis, i tillegg til anna arbeid som ikkje var avtalt.

Grunna tidspress betalte Kraftmontasjen fakturaene og Volda Maskin hevda at dei ikkje kunne krevje desse pengane tilbake.

Retten finner imidlertid ikkje tungtvegande grunnar til å frita selskapet for erstatningsplikta, og ga i all hovudsak medhald til Kraftmontasjen.

«Påfallande» synspunkt, meiner retten
Vidare skriv retten at dei ikkje kan sjå at det var gode grunnar for Volda Maskin til å få prøvd saka.

Synspunkter frå selskapet om at Kraftmontasjen sine krav var heilt uforståelege og at dei dreiv med «lureri», framstår som «påfallande», skriv retten.

Retten peikar også på at Kraftmontasjen fleire gonger tilbaud forlik, som blei avvist av Volda Maskin utan grunngjeving. Vidare meiner retten at firmaet har ført bevis som ikkje kan seiast å vere direkte relevant for saka, som har bidrege til tidsbruken på saka.

Publisert: 17.11.2022 19:54

Sist oppdatert: 18.11.2022 05:05

Mer om