Sist tilgjengleg rekneskap for Volda Turisthotell er frå 2023 og viser 6,3 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 0,4 millionar kroner.
I seks av dei ti åra fram til 2023 hadde hotellselskapet underskot. Den bokførte eigenkapitalen var negativ for sjette år på rad og viste minus 3,2 millionar kroner i 2023-rekneskapen.
No har skatteetaten bedt om at det vart opna konkurs i selskapet, men retten har utsett å handsame kravet.
Arbeider med emisjon
Årsaka til utsetjinga er at selskapet arbeider med å hente inn ny kapital, går det fram av kjennelsen frå å Sunnmøre tingrett.
No har selskapet i første omgang frist til neste møte i retten, 4. mai 2026 klokka 09:30.
Fell på plass
Styreleiar Eiliv Halkjelsvik seier til Nett No at det bli arbeidd både mot eksisterande eigarar og andre investorar for å hente inn kapital, og athan rekena med at kapitautviding vil falle på plass.
Det er mellom anna tap på kundar som ligg bak at selskapet må fylle på kassa, ifølgje Halkjelsvik.
Publisert: 14.04.2026 16:00
Sist oppdatert: 14.04.2026 17:24






