Volda turisthotell
UNDERSKOT: Volda Turisthotell fekk sitt andre år på rad med underskot i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt minusår for Volda Turisthotell

Har gått med underskot i seks av dei ti siste åra.

06.11.2024

Åra med overskot veg opp for åra med tap for Volda Turisthotell. 

Hotellselskapet har eit akkumulert underskot på 4,8 millionar kroner ifølgje rekneskapen for 2023, som no er offentleg.

Det akkumulerte underskotet gjer at hotellselskapet sin bokførte eigenkapital er minus 3,2 millionar kroner, men selskapet meiner den reelle verdiane i selskapet er større enn gjelda. 

Verdiane til selskapet er hotellbygget og tomta, som er bokført til 1,2 millionar kroner.

Fallande lønsemd
Hotella på Nordvestlandet auka inntektene, men hadde fallande lønsemd i fjor.

Tala frå Volda Turisthotell hadde fall i både inntekter og lønsemd (sjå tabell under).

Resultatoversikta Nett No publiserte i september inneheld omsetning og resultat før skatt for 43 hotell på Nordvestlandet i 2023 og 2022.

Tabellen viser eit samla resultat før skatt på drygt 8 millionar frå ei omsetning på nær 1,3 milliardar. Det gir ein resultatmargin på berre 0,7 prosent.

Tre hotell, Havila Geiranger Hotel (Geiranger Hotelldrift), Grande Fjord Hotel og Volda Turisthotell, hadde ikkje levert rekneskap då resultatoversikta vart publisert. Grande Fjord Hotel-rekneskapet er framleis ikkje klart.

Volda Turisthotell as  
I mill. kroner20232022
Driftsinntekt6,36,5
Driftsresultat-0,030,4
Resultat før skatt-0,4-0,1
Geiranger Hotelldrift as  
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt38,230,7
Driftsresultat-3,1-3,4
Resultat før skatt-3,4-3,6

Publisert: 06.11.2024 09:52

Sist oppdatert: 06.11.2024 09:52

Mer om