Vurderer fleire nyetableringar
OPNAR SNART: Coop Extra-butikken på Hareid opnar i mars, fortel eigedomsdirektør Lars-Ove Valaas-Breivik (innfelt) i Coop Nordvest. Eit anna prosjekt dei jobbar med er å utvikle Notholmen i Skarbøvik (innfelt t.h.).
Nytt

Vurderer fleire nyetableringar

Coop Nordvest jobbar med å opne fleire nye butikkar på Nordvestlandet. Først ut er Hareid – der eit heilt kvartal er snudd.

Marius Rosbach
22.01.2021

Coop Nordvest har butikkar frå Sognefjorden i sør, til Trøndelag og Fosen i nord.


Berre på Sunnmøre og i Nordfjord dreier det seg om nær 50 butikkar i ulike bransjar.

Selskapet har også fleire nyetableringar på gang, i første rekke i Ålesund og Ulstein. Men først står opninga av ein ny 1800 kvadratmeter stor butikk på Hareid for tur.

– Dette har vore eit godt samarbeidsprosjekt som blei realisert fordi Hareid kommune skulle bygge nytt helsehus, fortel direktør for eigedom Lars-Ove Valaas-Breivik i Coop Nordvest til NETT NO.

Snur om på eit heilt kvartal

Den tidlegare Coop-butikken er reve og naboeigedomen kjøpt opp. Slik fekk dei moglegheit til å snu inngangspartiet til å vende utover mot sjøsida.


Hareid kommune sitt behov for parkeringsplassar er løyst ved at dei har kjøpt seg inn på taket av butikken, der det er plass til kring 50 bilar.

– Heile kvartalet blir rekonstruert til å bli meir framtidsretta. Slik kvartalet var organisert tidlegare, var hovudgata ei bakgate. No blir det langt betre logistikk og ei betre oppleving for kundane, fortel Valaas-Breivik.

Helsehuset er så vidt er teke i bruk, og butikken opnar etter planen 4. mars.


Kjøpt tomt i Ulsteinvik

På andre sida av øya har Coop allereie Mega-butikk på Blåhuset og ein stor Coops Obs Bygg-avdeling i Ulsteinvik.


I haust kunne lokalavisa Vikebladet fortelje at Coop Nordvest også har kjøpt tomta der tidlegare Bergens Rørhandel haldt til i utkanten av sentrum. Eigedomsdirektøren fortel at dei har starta arbeidet med å vurdere korleis tomta kan utnyttast.

– Vi ser på no på Ulsteinvik med nye auge, og vil sjå om vi kan finne nokre samarbeidspartnarar som vil vere med på den utviklinga som kan kome her, fortel eigedomssjefen.

Området som ligg tett inntil fylkesveg 61, har dei siste åra i hovudsak vore nytta til lager.

Har blinka ut kring 50 prosjekt

I 2019 ble det laga ein ny strategi for eigedom i Coop Nordvest, basert på marknadsanalysar.

Nyetableringar, oppgradering og utvidingar er sentrale stikkord i strategien, ifølgje årsrapporten. I same årsrapport står det at selskapet har blinka ut 50 større og mindre prosjekt for dei komande åra.

– Vi er i prosess på ekstremt mange prosjekt, men vil ikkje gå ut med lokasjonane før vi kjem nærare realisering. Det dreiar seg ikkje berre om nye butikkar, men også om utvidingar eller nye profilar, påpeiker Valaas-Breivik.

Har kome lengst i Ålesund

Dei to prosjekta der konsernet har kome lengst med etablering av heilt nye butikkar på Sunnmøre, ligg i Ålesund.

Ved Kverve på Ellingsøya er det planar om å etablere ein ny daglegvare med noko areal for utleige.


Området er definert som bydelssenter i kommunens arealplan og Coop meiner området mellom ålesundstunnelane er eit «spennande knutepunkt for framtida», seier eigedomsdirektøren.

Han fortel at det ligg an til at reguleringsplanen skal opp til politisk behandling i vinter. I same område er det planar om å bygge kring 100 bustader.

– Vil definere Skarbøvik sentrum på nytt

I Skarbøvik i Ålesund har Coop Nordvest sikra seg ei tomt på 23 mål på Notholmen. På sikt vil dei etablere ein større Coop Ekstra-butikk.

Her jobbast det med ein områdeplan som må bli vedteke før bygging kan starte.

– På kort sikt ser vi behovet for ein lokal daglegvarebutikk her, men på lengre sikt ser vi eit større potensiale som vil definere Skarbøvik sentrum på nytt. Det dreiar seg både om næringsutvikling og bustader, men også friområde med ein park og område mot sjøen, fortel eigedomsdirektøren.

Vi er i prosess på ekstremt mange prosjekt, men vil ikkje gå ut med lokasjonane før vi kjem nærare realisering

Publisert: 22.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 19.04.2021 14:57

Mer om