Vurderer konkurs for Selje Hotel
BERRE BRANNTOMT: Slik så Selje Hotel ut før brannen. No er det berre ei brannruin på tomta.
Nytt

Vurderer konkurs for Selje Hotel

Selje kommune vurderer å slå Selje Hotel konkurs for å få fortgang i oppryddinga av branntomta.

26.04.2017
Størsteparten av hotellbygget brann ned til grunnen natt til fredag 25. november i fjor.
Tre personar, eigarar og dagleg leiar, er varektektsfengsla og sikta for å ha sett fyr på hotellet. Dagleg leiar har tilstått i februar i år.
Etter brannen har restane av hotellet blitt liggande og i kommunen er frustrasjonen stor over at oppryddinga ikkje kjem i gang.
Eigarselskapet, AS Selje Hotel, er blitt fullstendig passivisert seier ordførar Stein Robert Osdal i Selje, og forsikringsselskapet meiner oppryddinga ikkje er deira ansvar.

Vurderer konkurs

Osdal seier til NETT NO at konkurs er eitt alternativ kommunen vurderer.
- Då får vi ein bubestyrar å forhalde oss til, seier Osdal.
Kommunen er ikkje blant dei største kreditorane, men har eit krav som gjer det råd å begjære hotellselskapet konkurs.
Osdal håpar på ei avklaring om situasjonen for hotellet i løpet av første halvår i år.

Dilemma

Ut over kravet er ikkje kommunen direkte part i drifta av hotellet eller i eigarskapet til tomta. Dessutan gjer omsynet til rettstryggleiken - etterforskinga er ikkje ferdig og ingen personar er dømt etter brannen - at kommunen vil trå varsamt, seier Osdal.
Men det politiske presset for at noko skal skje er merkbart, vedgår han.
Hotelltomta ligg midt i Selje. Det ser stygt ut der og i taket var det dessutan brukt asbest, noko som uroar innbyggarane. Det er ikkje snakk om ein akutt helsefare, men asbesten kan vere grunnlag for at kommunen kan å gå inn på tomta og få den fjerna i følgje Osdal. Rekninga blir i så fall sendt vidare til hotellselskapet.

Stor gjeld

Den økonomiske tilstanden for hotellselskapet var skral då hotellbygget brann.
Selskapet hadde 2,5 millionar kroner i underskot i 2015 (sist tilgjenglege reknskap), og revisor påpeika at "det foreligger en vesentlig usikkerhet som kan skape tvil av betydning om selskapets evne til fortsatt drift".
2015 var sjette år på rad med underskot for hotellet.

Interesse

Osdal seier han har blitt kontakta av lokale og regionale aktørar som har uttrykt interesse for at det skal vere eit hotell i Selje.
Sjølv meiner han det er svært ønskjeleg med eit nytt hotell på branntomta, og det er eit stort potensiale for eit nytt hotell.,
Etter at hotellbrannen har Regjeringa offentleggjort at den vil bygge Stad Skipstunell, som turistnæringa vonar skal bli ein ny attraksjon i området.

Svenske eigarar

Brørne Yavus og Emel Akcay frå Stockholm kjøpte hotellet tidleg i 2014, frå familien Berge, med Gerd Kjellaug Berge i spissen. I staden for å auke inntektene gjekk dei vidare ned, og starten av november i fjor stengde dei hotellet for vinteren.
Planen var å opne igjen i vår, etter å ha pussa opp deler av hotellet.

Publisert: 26.04.2017 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08