– Vi meiner at vi skal klare å realisere, seier dagleg leiar og medeigar Nils Halvard Molnes i Kitin om sjansen til at selskapet klarer å kome i gang med fisket.
Etter den opphavlege planen skulle trålaren vere i fiske allereie i fjor, men slik at har det ikkje gått. Vilkåret i det opphavleg løyvet frå Fiskeridirektoratet til å drive fiske var at reiarlaget måtte vere med i gang med fiske i år, men per i dag manglar selskapet både båt og pengar.
Heldigvis for selskapet fekk det i sommar ja på søknad om å forlenger fristen.
– Vi har fått forlenga den ut 2029, seier Molnes.
Nybygg til 1,5 milliardar kroner
Ideen til Molnes og dei andre partnarane i Kitin er å få bygd ein krilltrålar som skal fryse fangsten ombord og frakte den til land for vidareforedling - i fabrikkanlegg på Giske.
Prisanslaget for fartøyet er mellom 1,2 og 1,5 milliardar kroner, seier Molnes.
Krill er ein liten krepseart som lever i farvatna rundt Antarktis.
Nær, men ikkje nær nok
Å få med seg investorar for å finansierer satsinga, har vore vanskelegare enn grunnleggarane håpte på i starten.
Dei har vore nær, men ikkje nær nok.
Før Russland gjekk til angrep på Ukraina i 2022 var selskapet nær ved å få til ei kapitalutviding, men uvissa krigen skapte, gav investorane kalde føter, har Molnes tidlegare fortalt.
Også før jul i 2024 var selskapet nær, men då skapte utfallet av presidentvalet i USA uvisse om rammevilkåra i marknaden. Det gjorde at selskapet nok ein gong ikkje kom heilt i mål, ifølgje Molnes.
Les meir om krillsatsinga:
Les også
Krillselskapet Kitin i Giske hadde investorane klare, men så kom krigen i Ukraina.
Giske-selskap vil utstyre energieffektiv krillbåt med vindturbinar og kanskje også solceller.
Publisert: 25.09.2025 12:41
Sist oppdatert: 25.09.2025 23:29






