Geir karlsen foto ntb npk 11
HELLER MOT NEI: Konkurransetilsynet har ikkje bestemt seg, men heller mot eit nei til Norwegian-sjef Geir Karlsen sitt oppkjøp av konkurrenten Widerøe. Foto: NPK
Nytt

Vurderer Widerøe-nei

Fryktar Norwegian-oppkjøp svekkjer konkurransen.

17.11.2023

NPK-NTB: Konkurransetilsynet fryktar at Norwegians Widerøe-oppkjøp kan svekkje konkurransen i den norske flymarknaden. Derfor vurderer dei å seie nei til oppkjøpet.

Tilsynet påpeikar i ei pressemelding fredag at dersom oppkjøpet går gjennom, vil ein gå frå tre til to flyselskap i Noreg. Derfor er det ein risiko for at konkurransen blir svekt.

– Det kan føre til høgare billettprisar og dårlegare rutetilbod for norske flypassasjerar, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

Det er særleg rutene mellom Bergen og Stavanger og mellom Bergen og Trondheim som blir trekte fram.

Det er på desse rutene der Norwegian og Widerøe i dag konkurrerer at tilsynet er redd konkurransen vil svekkjast dersom dei to flyselskapa slår seg saman.

Overrraska
– Vi er overraska over Konkurransetilsynet si varsling om ein mogleg stans av oppkjøpet. Dialogen med tilsynet har vore god og konstruktiv, og vi har levert inn omfattande dokumentasjon innan dei fristene dei har sett. Basert på realitetane i saka er eg optimist med omsyn til det endelege utfallet av søknadsbehandlinga. Nå vil vi sette oss inn i Konkurransetilsynet si foreløpige vurdering før vi svarar dei, seier konserntsjerf Geir Karlsen i Norwegian i ei pressemelding.

1,1 milliard
Norwegian vil betale 1,1 milliard kroner for Widerøe, varsla selskapet i ei pressemelding i juli i år.

Widerøe flyg på over 40 flyplassar i Noreg, blant dei Sandane, Ørsta og Vigra. Saman med Norwegian sine innanlands- og utanlands ruter vil det gi eit betre og enklare rutetilbod, og gjere Norwegian og Widerøe til ein enda viktigare del av norsk infrastruktur, skreiv Norwegian i ei børsmelding.

Widerøe har ein aksjonær, Wf Holding, som i sin tur er eigd av selskapa Flyco (66 prosent) og ferjeselskapet Fjord 1 (34 prosent).

I samband med salet av ferjereiarlaget Fjord1 blir Fjord1 sine aksjar i Widerøe ikkje med på kjøpet.

Inntil Fjord 1-salet er gjennomført er Fjord 1 eigd 50/50 av Runde Holdco og Havilafjord. Havilafjord er eigd av Per Sævik og familiens holdingselskap, Havila Holding.

Ikkje nok
– Det er tre forhold som kan svekke konkurransen. Med berre to aktørar i marknaden kan det bli lettare å koordinere prisar på innanriksnettet. Det kan og bli dårlegare konkurranse på ruter der desse to selskapa i dag konkurrerer mot kvarandre. I tillegg er det fare for dyrare bakketenester for konkurrerande selskap på flyplassane Evenes, Alta og Kirkenes, seier prosjektleiar Katrine Amdam i Konkurransetilsynet i pressemelding.

Norwegian har foreslått avhjelpande tiltak knytt til bakketenester. Sidan forslaget ikkje omfattar alle konkurranseskadane som tilsynet førebels har lagt til grunn i saka er ikkje dette vurdert å vere tilstrekkeleg til å godkjenne oppkjøpet, heiter det i meldinga.

Partane har frist til 8. desember med å svare på Konkurransetilsynet sin førebelse vurdering. Tilsynet sin endelege frist for å fatte vedtak i saka er 3. januar 2024.

Publisert: 17.11.2023 10:20

Sist oppdatert: 17.11.2023 11:07

Mer om