H fasader foto h fasader 11
NY EIER: Bygget til H-Fasader på Stette i Ålesund er på totalt 6800 kvadratmeter og plassert på en tomt på 20 mål. Foto: H-Fasader
Nytt

Wenaas kjøper Flakk-bygg

Selskapet bak Digernes-utbygginga kjøper H-Fasader-bygget.

03.01.2023

Flakk Gruppen sitt selskap H-Fasader sel fabrikkbygget på Stette for 93 millionar kroner og leiger det attende i 20 år.

- Med såpass lang kontrakt passar det godt inn i det vi driv med, seier dagleg leiar Nils Eirik Wenaas i eigedom-konsernet Digerneset Næringspark.

Digerneset Næringspark har først og fremst investert i utvikling av tomter og næringsbygg. Kjøpet av H-Fasader-bygget er berre den andre investeringa selskapet gjer i ei bygg selskapet ikkje har bygd sjølv.

Forhandlingane om kjøpet starta i desember og Digernes Næringspark-konsernet er no eineeigar av H-Fasader-bygget.

- Vi syntes det var såpass interessant at vi valde å ta heile transaksjonen sjølve, seier Wenaas.

95 millionar
Digerneset Næringspark-konsernet eig i dag næringsbygg på tilsaman omlag 70.000 kvadratmeter, med næringparken på Digernesskiftet i tidlegare Skodje kommune som den største investeringa.

Årlege leigeinntekter er på omlag 95 millionar kroner, ifølgje ei pressemelding frå Digerneset Næringspark.

Nils Eirik Wenaas seier det er rom for ytterlegare 50.000 - 60.000 kvadratmeter næringsbygg på konsernet sitt områda på Digernesskiftet.

Møller-konsernet som partnar
I 2019 kjøpte Møller-konsernet seg i Digerneset Næringspark og halvparten av selskapet.

Den andre halvparten er eigd av Wenas Eftf, som er eigd av Nils Eirik og søstera Lene.

Utgangspunktet for eigedomssatsinga er Wenaas-familiens konfeksjonsbedrift som starta i Måndalen i Rauma i 1930-åra.

Brødrene Lars og Nils Wenaas (far til Nils Eirik og Lene) bygde samman opp Wenaas-bedrifta til storleverandør av arbeidskle og investerte etterkvart i eiendom.

Då dei delte opp forretningsverksemda si satsa Nils på eiendom på Nordvestlandet, som barna i dag eig.

Publisert: 03.01.2023 15:57

Sist oppdatert: 03.01.2023 16:49

Mer om