Wenaasgruppen foto Wikimedia commons
TI HOTELL BLIR SELD: I løpet at første kvartal reknar Wenaasgruppen med å å gjennomført salet av alle sine ti hotell i Russland.Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Wenaas ut av Russland

Sel alle hotella.

02.02.2023

Wenaasgruppene i Måndalen, med Lars Wenaas i spissen, eig 10 hotell i Russland. Til saman er det snakk om 4072 rom. Seks av hotella ligg i St Petersburg, to i Moskva, eitt i Murmansk og eitt i Ekaterinburg.

I løpet av første kvartal reknar Wenaasgruppen med at alle hotella har skifta eigar, skriv Finansavisen, som siterer ei pressemelding frå selskapet. Salet skal gi ein reknskapsmessig gevinst.

Kjøpar er russiske Cosmos Hotel Group, som er eigd av det investeringsselskapet PJSC AFK Sistema.

Etter salet i Russland har Wenaasgruppen fem hotell i Tyskland, fire i Danmark, tre i Noreg, to i Polen, to i Tsjekkia, eitt i Sverige og eitt i Spania.

I 2021 drog koronapandemine framleis ned resultatat frå hotella. Finansinntektene fekk eit solid oppsving, som også løfta konsernresultatet.

No er hotellinntektene på veg mot 2019-nivå igjen, ifølgje Finansavisen.

Publisert: 02.02.2023 12:23

Sist oppdatert: 02.02.2023 13:05