Wenaasgruppen foto Wikimedia commons
FINANSGEVINST: Wenaasgruppen har hovudkontor i Måndalen. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Solid oppsving for Wenaasgruppen

Finansinvesteringane gav Wenaasgruppen eit solid oppsving i fjor.

02.08.2022

Wenaasgruppen i Måndalen eig hotell både i Noreg, i resten av Skandinavia, i Mellom-Europa og i Russland. Oppdal Skisenter er og ein del av konsernet.

Hotellselskapa fekk seg ein smell då koronapandemien kom i 2020. Også 2021 var hotellmarknaden framleis prega av koronapandemien.

"Det har vært vanskelig å drive optimalt når forutsetningen stadig har endret seg, skriv Wenaasgruppen i årsmeldinga for 2021.

For konsernet sine finansinvesteringar gjekk det langt betre, og det gjorde at konsernet snudde eit minusresultat på nesten ein milliard kroner i 2020 til 1,1 milliardar i pluss i fjor (sjå tabell).

Ikkje omfatta av sanksjonar
Førebels er det for tidleg å svare på kva som blir konsekvensen av krigen i Ukraina for Wenaasgruppen, ifølgje årsmeldinga. Konsernet sine ti hotell i Russland er ikkje direkte råka av sanksjonane mot Russland, men sannsynlegvis blir inntektene frå Russland reduserte på grunn av indirekte verknader av sanksjonane, ifølgje årsmeldinga.

Konsernet vil også sjå an korleis hotellmarknaden utviklar seg etter koronapandmien, og vere inntil vidare vere forsiktig med nye hotellutbyggingar og -kjøp.

Eig A-aksjane
Eigarskapet til Wenaaskonsernet er fordelt på fleire familiemedlemar, men senior Lars Wenaas sit på alle A-aksjane og har framleis styringa sjølv om aksjeposten berre er på 1,095 prosent.

Konsernet vil betale ut 50 millionar kroner i utbytte etter 2021.

Wenaasgruppen as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt1819,71403,5
Driftsresultat481,542,1
Resultat før skatt1197,8-985,9

Publisert: 02.08.2022 14:55

Sist oppdatert: 02.08.2022 14:58