Nytt
Yara Birkeland framme i Brattvåg
Det autonome kunstgjødselskipet er framme ved Vard-verftet, men planane for det Herøy-designa skipet er endra.
09.05.2020
Koronakrisa har sett ein førebels stoppar for å gjere Yara Birkeland til eit fullt autonomt skip.
Det skriv
Skroget er bygt ved Vard sitt verft i rumenske Tusla, og skulle i utgangspunktet gjerast ferdig ved Vard Brevik, men kontrakten vart flytta til Vard Brattvaag då Brevik-verftet vart nedlagt.
Skipet har av utanlandsk media blitt omtalt som «Tesla of the seas», er designa av Herøy-selskapet Marin Teknikk. Også Kongsberg er tungt involvert på teknologisida.
Kontraktsverdien skal vere på 250 millionar kroner.
Det skriv
Flytta frå Brevik
Skipet skal utrustast ferdig ved Vard Brattvaag, men ifølgje tu.no skal ikkje alt utstyret frå Kongsberg Maritime om bord enno. Dette skal gjere skipet fullt autonomt, men er utsett på ubestemt tid grunna koronakrisa.Skroget er bygt ved Vard sitt verft i rumenske Tusla, og skulle i utgangspunktet gjerast ferdig ved Vard Brevik, men kontrakten vart flytta til Vard Brattvaag då Brevik-verftet vart nedlagt.
Flyttar 40.000 trailerturar til sjøen
Yara Birkeland skal frakte gjødsel fra Yaras fabrikk på Herøya ved Porsgrunn til utskipingsterminalene i Brevik og Larvik. Slik skal ein flytte transport tilsvarande 40.000 turar med vogntog som i dag køyrer landevegen, til sjøen.Skipet har av utanlandsk media blitt omtalt som «Tesla of the seas», er designa av Herøy-selskapet Marin Teknikk. Også Kongsberg er tungt involvert på teknologisida.
Kontraktsverdien skal vere på 250 millionar kroner.
Publisert: 09.05.2020 21:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57