NPK-NTB: Noreg bør halde fram med å bore etter olje og gass, meiner 49 prosent av det norske folket. Dei yngste er mest positive til at Noreg held fram som oljenasjon.
Det kjem fram i ei spørjeundersøking frå Sentio Research gjort på oppdrag for .
Ho viser at berre 27,7 prosent vil avslutte oljeutvinninga. Delen av dei som er for meir olje- og gassutvinning, er høg i alle dei fire aldersgruppene i undersøkinga. Ho er likevel høgast blant personar mellom 18 og 22 år. 58 prosent av dei spurde i denne aldersgruppa meiner Noreg bør opne nye område for olje- og gassverksemd.
Det er innbyggarar i fylka Finnmark, Sogn og Fjordane og Hedmark som er mest positive til å opne nye område for olje- og gassverksemd. Alle tre fylka har eit fleirtal på over 60 prosent.
Undersøkinga viser samtidig at det tidlegare var ein større del enn no som ønskte framleis oljeleiting- og utvinning, samtidig som folk har vorte meir usikre: I ei liknande undersøking i fjor var 7 prosent usikre, medan i år svarte 23 prosent at dei er usikre på om dei ønsker framleis leiting og utvinning.
Undersøkinga i år vart gjennomført i perioden 13. til 19. desember blant 1.004 respondentar.
Det kjem fram i ei spørjeundersøking frå Sentio Research gjort på oppdrag for .
Ho viser at berre 27,7 prosent vil avslutte oljeutvinninga. Delen av dei som er for meir olje- og gassutvinning, er høg i alle dei fire aldersgruppene i undersøkinga. Ho er likevel høgast blant personar mellom 18 og 22 år. 58 prosent av dei spurde i denne aldersgruppa meiner Noreg bør opne nye område for olje- og gassverksemd.
Det er innbyggarar i fylka Finnmark, Sogn og Fjordane og Hedmark som er mest positive til å opne nye område for olje- og gassverksemd. Alle tre fylka har eit fleirtal på over 60 prosent.
Fleire usikre
Trøndelag er det einaste fylket i landet der fleire er mot enn for vidare oljeleiting.Undersøkinga viser samtidig at det tidlegare var ein større del enn no som ønskte framleis oljeleiting- og utvinning, samtidig som folk har vorte meir usikre: I ei liknande undersøking i fjor var 7 prosent usikre, medan i år svarte 23 prosent at dei er usikre på om dei ønsker framleis leiting og utvinning.
Undersøkinga i år vart gjennomført i perioden 13. til 19. desember blant 1.004 respondentar.
Publisert: 30.12.2019 11:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48






