NTB n Ks SHVL1 w 1
ALDERSDISKRIMINERING: I 2020 kom OECD med ein rapport der det går fram at eldre arbeidstakarar er den gruppa som oftast blir diskriminerte på jobb. Høg alder – frå 50 år og oppover – er det vanlegaste diskrimineringsgrunnlaget i arbeidslivet. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK
Nytt

Å annonsere med «ungt arbeidsmiljø» kan vere ulovleg

Mange arbeidsgivarar reklamerer med ungdommeleg arbeidsmiljø når dei skal rekruttere. Praksisen haustar kritikk og kan vere ulovleg.

NPK- Kjell Åsmund Sunde/NETT NO: – Eg opplever det slik at ungt arbeidsmiljø har blitt trekt fram som ein positiv eigenskap ved ein arbeidsplass i altfor mange år. Arbeidsgivarane trur dei gjer arbeidsplassen attraktiv ved å reklamere med eit ungt arbeidsmiljø, men i realitet mistar dei mange gode søkjarar, seier Fredrik Fornes til Nynorsk pressekontor.

Fornes er journalist og marknadsførar og jobbar i dag mellom anna med å hjelpe bedrifter å rekruttere. Han tok opp denne tematikken i ein kommentar i Stavanger Aftenblad tidlegare i februar. Fornes meiner det er på tide at yngre generasjonar no byrjar å kjempe mot den diskrimineringa eldre arbeidstakarar møter.

– Vi yngre må gi beskjed om at eit ungt arbeidsmiljø ikkje er noko vi ønskjer. Vi vil ha mangfald, seier Fornes.

Stor pågang
Eldreombod Bente Lund Jacobsen kjenner seg godt igjen i det Forsnes snakkar om.

- Vi opplever ein ganske stor pågang som gjeld diskriminering, båd i samband med søknadsprosessar og i samband med vidareutvikling på arbeidsplassen, seier ho.

Bente Lund Jacobsen foto Ogne 2
PÅGANG: Eldre arbeidstakarar vert tilsidesett når bedrifter skal vidareutdanne tilsette. Det får Eldreombodet fleire klager på, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen. Foto: Ogne Øyehaug

Mange som vender til Eldreombodet opplever at dei blir sett på sidelina når pensjonsalderen nærmar seg.

- Du skal snart slutte, så vi gidd ikkje satse på deg.

Det er den underliggande bodskapen når eldre arbeidstakarar ikkje får delta på kurs og kompetansehevande tiltak, etter Lund Jacobsen si vurdering.

Openlys diskriminering
9. februar var det 175 arbeidsgivarar på Finn.no som såg etter arbeidstakarar som vil jobbe i eit ungt arbeidsmiljø. «Ungt og dynamisk miljø», «ungt og aktivt miljø» og «ungt og energisk miljø» er nokre av strofene som går att oftast.

I kommentaren sin i Aftenbladet peikar Fornes på at arbeidsgivarane ved å reklamere på denne måten like gjerne kunne ha skrive «Hos oss finner du ingen gamle, fastgrodde gubber eller kjerringer»

Han peikar vidare på den openlyse aldersdiskrimineringa:

«Det skrives, rett ut, at arbeidsgiveren verdsetter unge høyere enn eldre. At det kun er de unge som er aktive, energiske og dynamiske.»

Mistar kunnskap

Fornes meiner den utbreidde hyllesta av eit ungt arbeidsmiljø avgrensar utviklinga på arbeidsplassen.

Fredrik Fornes Foto Claus Skålevik Motto
GÅR GLIPP AV KUNNSKAP: Ein må hugse på at eldre arbeidstakarar sit på enormt mykje kunnskap - den går ein glipp av ved å ekskludere dei frå arbeidslivet, seier Fredrik Fornes. Foto: Claus Skålevik/Motto

– Ein mistar viktig læringsutbytte. Ein må hugse på at eldre arbeidstakarar sit på enormt mykje kunnskap - den går ein glipp av ved å ekskludere dei frå arbeidslivet.

Han trekkjer også fram det han karakteriserer som ein «logisk brest» i mange annonsar.

– Veldig mange arbeidsgivarar annonserer etter folk med fleire års erfaring frå arbeidslivet og mastergrad. Det matchar ikkje med førestillinga av eit ungt arbeidsmiljø, seier han.

Også Eldreobodet meiner ein del stillingsannonser er sjølvmotseiande.

- Korleis skal du vere ung og dynamisk med 35 års erfaring, spør Bente Lund Jacobsen retorisk.

Hom meiner det ikkje berre er snakk om diskriminering, men også at bedriftene gjer ei tabbe når eldre arbeidstakarar blir nedvurdert.

- Den viktigaste bodskapen er at vil vil trenge all denne arbeidskrafta framover, seier Lund Jacobsen.

Negative førestillingar
I 2020 kom OECD med ein rapport der det går fram at eldre arbeidstakarar er den gruppa som oftast blir diskriminerte på jobb. Høg alder – frå 50 år og oppover – er det vanlegaste diskrimineringsgrunnlaget i arbeidslivet. Ifølgje rapporten oppgir folk i mykje mindre grad å bli diskriminerte på grunnlag av kjønn og etnisitet.

Forskar Per Erik Solem ved OsloMet er blant dei som har sett på aldersdiskriminering i norsk arbeidsliv. Han fortel at det generelt er mange negative førestillingar om eldre i arbeidslivet.

– Det kan vere rett at eldre i nokre yrke har litt dårlegare føresetnader. Då tenker eg spesielt på yrke der det krevst raske reaksjonar i kompliserte situasjonar - for eksempel i pilot-yrket eller flygeleiar-yrket. Men det finst òg ein heil masse jobbar der det er ein fordel med eldre arbeidstakarar med mykje erfaring og kunnskap, seier Solem.

Han viser til at det er fleire internasjonale undersøkingar som viser at ein av tre arbeidstakarar over 50 år har opplevd diskriminering på arbeidsplassen.

– Tala er litt usikre, men samanliknar ein med andre typar diskriminering, så er i alle fall ikkje aldersdiskriminering noko som skjer sjeldnare enn annan type diskriminering, seier han.

Vanskeleg juridisk
Solem understrekar at det i ifølgje arbeidsmiljølova er ulovleg å be om ei aldersspesifikk søkargruppe i ein jobbannonse.

– Ein må kunne grunngi det svært godt om ein søkjer etter ei spesiell aldersgruppe, seier han.

Likestillings- og diskrimineringsombodet opplyser til Nynorsk pressekontor at lova er ganske klar på at det ikkje er lov å legge vekt på alder i jobbannonsar.

– Det skal svært mykje til for at det skal vere eit sakleg eller nødvendig krav å legge vekt på alder i ein annonse. Nokre arbeidsgivarar er derimot kreative i jobbannonsane. Skriv ein for eksempel at ein tilbyr «ungt og dynamisk miljø», kan det vere komplisert juridisk sett. Det at arbeidsgivar peikar på at ein har eit ungt og dynamisk miljø er på den eine sida fakta om verksemda, og seier eigentleg ikkje så mykje om kven som kan og ikkje kan søke på jobben. På den andre sida kan slik informasjon tyde på at det er positivt å vere ung for å passe inn i miljøet som arbeidssøkjar, og då snakkar vi plutseleg om ekskludering. For å kunne fastslå om slike annonsar er diskriminerande, må potensielle søkjarar vurdere å klage verksemda inn for Diskrimineringsnemnda, som er organet som behandlar diskrimineringsklager, seier kommunikasjonssjef Edin Babic i Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Ombodet oppmodar òg generelt verksemder om ikkje å nytte seg av ord som er med på å gi ei kjensle av ekskludering.

Publisert: 19.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 13.03.2023 18:50

Mer om