A Akp faar katapultstatus
Daværende næringsminister Monica Mæland og Åkp-sjef Per Eirik Dalen åpner ÅKPs innovasjonsenter i september i fjor.
Nytt

Åkp får katapultstatus

Åkp er eitt av tre senter som får katapultstatus. 

16.01.2020
Dei tre vinnarene får 125 millionar kroner på deling.
Vinnarane står no på scenen under årskonferansen til Siva, der næringsminister Torbjørn Røe Isaksen nettopp har kunngjort kven av dei 11 finalistane som nådde til topps.

Digital prototyping

Åkp fekk katapultstatus med sitt senter for virtuell prototyping, Digicat. Det betyr å lage datamodellar av nye produkt, teste ut og korrigere før det blir laga eit fysisk produkt. Ved å bruke virtuell prototyping skal produktutvikling og innovasjon bli både billegare og raskare.
Dei to andre vinnarane er Ocean Innovation Catapult (utvikling av blant anna sjømatnæringar) og Sustainable Maritime (miljøberekraftig skipsfart).
- Dette er fantastiske nyhende og ei viktig anerkjenning av den verdensleiane kompetansen industrimiljøet på Møre har bygd opp rundt simulering og virtuell prototyping, seier administerande direktør Per Erik Dalen i ÅKP Blue Innovation Arena i ei pressemelding.

Nådde ikkje opp i fjor

Då Siva delte ut katapultstatus til to senter i fjor var Åkp med i finalen, men nådde ikkje opp. Dei to sentra som fekk katapultstatus fekk 50 millionar kroner på deling.

Regjeringa vil ha fortgang i utvikling av nye idear og produkt, og legg i år 125 millionar kroner på bordet for å finansiere drift av katapultsenter. Poenget er å katapultsenter for å utvikle og teste ut prototyper, slik at industrien raskare kan kome ut i marknaden med nye idear og produkt.

Publisert: 16.01.2020 09:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22