Bjørnar Skjæran Å KP feb 2022 foto Ogne
TIL ÅLESUND: Fiskeriminister Bjørnar Skjæran kjem til Ålesund for å delta på GATH-konferansen i Ålesund i dag. Det er hans departement som er med på å avgjere plassering av leiarstillingar på mellom anna Fiskeridirektoratet sitt kontor i Ålesund. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ålesund-kontor kan bli utan leiarstillingar

To leiarstillingar kan forsvinne frå Ålesund når Fiskeridirektoratet omorganiserer. Kontoret får færre tilsette.

06.09.2022

I dag har Fiskeridirektoratet 19 tilsette på kontoret i Ålesund.

To av dei har nasjonale leiarstillingar i direktoratet, som seksjonsjef i høvesvis forvaltningsseksjonen og kontrollseksjonen.

Dei to stillingane kan forsvinne frå Ålesund.

Uro for at kontoret i Ålesund kan bli svekka er bakgrunnen for at både Møre og Romsdal Fiskarlag og Fiskebåt Vest har bedt om dokumentinnsyn i omorganiseringsprosessen, førebels forgjeves.

Blir avgjort i departementet
Om og kva leiarstillingar som eventuelt blir lagt til Ålesundkontoret skal avgjerast i to departement, Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal og distriktsdepartementet.

"Plasseringen av alle lederstillingene i den nye organiseringen er ikke ferdig enda. Her pågår det en lokaliseringspolitisk utredning, så det ligger for avgjørelse hos Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og Kommunal- og distriktsdepartementet", skriv kommunikasjonsavdelinga i Fiskeridirektoratet i ein epost til NETT NO.

Fiskeridirektoratet er ein etat underlagt Nærings- og fiskeridepartementet.

Kuttar regiondirektør
I dag er Fiskeridirektoratet organisert i regionar, med regionkontor mellom anna i Ålesund og Måløy, i tillegg til hovudkontoret i Bergen. I Måløy er det 20 tilsette, i Ålesund 19 - som blir til 17 etter omorganiseringa.

Som ein del av omorganiseringa skal regioninndelinga bort og arbeidet organiserast berre etter oppgåver, ikkje etter geografi. Det inneber og at regiondirektørstillingane forsvinn og dagens regiondirektørar får andre oppgåver.

Dagens regiondirektør i Ålesund bur i Trondheim og pendlar til Ålesund. Når regiondirektørstillinga forsvinn blir arbeidsstaden hans i Trondheim. I tillegg er der ein avgang til frå kontoret i Ålesund der vedkomande byttar jobb, ifølgje kommunikasjonsavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Planen er at omorganiseringa skal vere ferdig til 1. oktober i år.

Publisert: 06.09.2022 07:30

Sist oppdatert: 06.09.2022 11:50