Ida wolden bache norges bank foto nils stian aasheim 1
VENTAR KUTT: Det er venta at sentralbanksjef Ida Wolden Bache vil sette ned styringsrenta i sin neste renteavgjerd 18. september. Foto: Nils Stian Aasheim
Nytt

Økonomar: – Blir ikkje to rentekutt til i år

Tvil om fleire kutt etter nye tal om prisveksten.

10.09.2025

(NPK-NTB-Edvin Strømme): Tysdagens nyheit om auka prisstiging får ikkje økonomane til å trekkje heilt i nødbremsen for det venta rentekuttet, men tala auka tvilen litt.

– Dette var litt overraskande. Samla inflasjon har gått frå 3,3 til 3,5. Og kjerneinflasjonen er uendra frå 3,1. Dette er akkurat på linje med Noregs Banks anslag, som i utgangspunktet burde vere ein bra ting for dei som ventar rentekutt, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i SpareBank 1 Sør-Norge.

– Men her kjem det som overraskar: Maksprisen for barnehagar vart senka frå 1. august, justert for dette er inflasjonen 3,9 prosent ifølgje SSB, seier Knudsen.

Og nettopp auken i kjerneinflasjonen justert for barnehagetilskotet gjer Nordeas valutastrateg Sara Midtgaard usikker.

– Den er høgare enn det Noregs Bank helst skulle sett at han var, og det gjer heile det venta rentekuttet i september mykje meir usikkert, seier ho til Dagens Næringsliv.

Maksprisen for foreldrebetaling i barnehagar vart redusert frå 2000 til 1200 kroner per månad i dei fleste kommunar.

– Det betyr at inflasjonen reelt sett er høgare enn Noregs Banks anslag. Isolert sett reduserer dette sjansen for rentekutt, men eg trur likevel Noregs Bank kjem til å setje ned renta neste veke, fortel Knudsen til NTB.

Sår tvil om rentekutt i september
Kristiansen i SSB forklarer kvifor maksprisnedgangen i barnehagane ikkje slår ut på tolvmånadersveksten.

– Trass ein stor reduksjon i maksprisen på barnehagar frå juli til august, trekkjer ikkje dette tolvmånadersveksten i KPI stort ned. Dette kjem av at maksprisen vart sett ned omtrent like mykje i år som i fjor.

Men Handelsbankens makroøkonom Karine Alsvik Nelson poengterer overfor DN at Noregs Bank ikkje hadde informasjon om reduksjonen i barnehagesatsane då dei la fram dei førre prognosane for rentene.

– Denne effekten er ikkje varig, og justerer vi for barnehageprisane ser vi på ein prisvekst i kjerneprisane på 3,5 prosent. Det er sterkt og sår litt tvil om kutt i september. Det blir nok i alle fall ikkje to kutt til i år.

Neste torsdag offentleggjer Noregs Bank renteavgjerda for september, der det lenge har vore venta at sentralbanken vil kutte i renta.

Noregs Banks langsiktige mål er at prisveksten over tid ligg nær 2 prosent. Det er ein framleis eit godt stykke unna, og målet blir balansert med at flest mogleg skal vere jobb og ei stabil økonomisk utvikling over tid.

Straumprisane får skulda for prisstigning
Prisstiginga held fram med å auke. Frå august i fjor til august i år har prisane stige med 3,5 prosent, og straumprisane får skulda.

– Straumprisane steig frå juli til august i år, medan dei fall i same periode i fjor. Dette trekkjer tolvmånadersveksten i straumprisane godt opp i august, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Prisane på elektrisitet inkludert nettleige steig 3,7 prosent frå juli til august og var 29,4 prosent høgare i august 2025 enn i august 2024. Særleg på Austlandet auka straumprisane mykje.

– Dette er noko som bidreg til tvil om septemberkuttet, seier sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Carnegie til E24.

Fall i matvareprisane
Etter ein stor prisauke i matvareprisane i juli, fall dei i august. Fallet var på to prosent.

– Det er fint å sjå at prisveksten minka i august. Utviklinga vi har sett i det siste, men også over tid, har vore omtrent som i dei nordiske nabolanda våre, noko som illustrerer at mykje av utviklinga er eit internasjonalt fenomen, seier bransjedirektør for daglegvare i Virke, Bendik Solum Whist, i ei pressemelding

Fallet på matvareprisar i august er heilt vanleg, ettersom prisane som regel blir skrudde opp månaden før.

Whist påpeikar at det er mange faktorar som påverkar prisveksten på mat. Blant varegruppene som auka mest i pris frå august i fjor var kaffi, kakao og sjokolade. Dette speglar råvaresituasjonen internasjonalt. Dessutan er priskonkurransen mellom daglegvarekjedene ein faktor:

– Når prisane gjekk noko ned frå juli til august, slik vi har sett tidlegare år, kjem dette normalt av tilbodskampanjar i samband med skulestart, seier Whist.

Frå juli til august i fjor fall matprisane til samanlikning med 1,2 prosent. Eit sterkare fall i same månad i år trekkjer tolvmånadersveksten i matprisane ned til 4,7 prosent, skriv SSB.

Publisert: 10.09.2025 10:47

Sist oppdatert: 10.09.2025 10:47

Mer om