O Enskjer turistskatt for utsette omraade
NATURPERLE: Store kampanjar frå Visit Norway og fine bilete på sosiale medium har ført til at turistane strøymer til Hoddevik i Sogn og Fjordane. 
Nytt

Ønskjer turistskatt for utsette område

Nordfjord-ordførarar vil ha turistskatt for å ta vare på naturperler. Hoddevika på Stad er mellom pressområda. 

30.01.2020
(NPK-Margunn Sundfjord): Aukande turisme til spesielle og sårbare naturområde i Nordfjord vekkjer bekymring. No meiner ordførarar i området at det bør innførast turistskatt for å ta vare på populære naturperler.
– Ordførarane i Nordfjord er einige om at vi ønskjer turistskatt i utsette område. Det gjeld Hoddevika, men også Lodalen i Stryn, seier ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo (V) til
Stad-ordføraren seier til Nynorsk pressekontor at kommunane i Nordfjord ikkje har hatt nok formell behandling av spørsmålet om turistskatt, men han trur likevel at innhaldet i utsegna om at det er stemning for turistskatt, er rett.
– Det er eit ganske breitt syn hos oss lokalt at vi er nøydd til å få gjort noko for å sikra finansiering av nødvendige av fellesgode og fellestiltak i område med stort turistpress, utdjupar han til Nynorsk pressekontor.

Sårbar surfestrand

I ein større reportasje fortel Bergens Tidende korleis turistar i fleng strøymer til surfeparadiset Hoddevika på Stad etter å ha sett fine bilete av den kritkvite stranda på Instagram og Facebook.
Turistpresset har no blitt så stort at både lokalbefolkning og politikarane er bekymra. Bjørlo meiner noko må gjerast. For å finna ut kva grep kommunen skal gjera, er det no sett i gang ein større analyse av situasjonen for den populære surfestranda.
Når det gjeld turistskatt, er Bjørlo klar på at det er ei rikspolitisk avgjerd, og at ein lokalt er avhengige av at det er fleirtal på Stortinget for ein slik skatt.
Det har det til no ikkje vore, men eit forslag frå SV om turistskatt er no til behandling på Stortinget.
Sidan stortingsfleirtalet i 2017 sa nei til å opna for turistskatt, har både SV og Arbeidarpartiet endra meining i saka. Også KrF er på glid i spørsmålet.

Klart råd til næringsministeren

Den nye næringsministeren, Iselin Nybø (V), har sagt at ho vil venta på behandlinga av SV-forslaget før ho tek stilling til saka. Bjørlo har eit klart råd til partikollegaen sin.
– Mitt råd er heilt tydeleg. Det er å gje kommunane dette verkemiddelet for å sikra langsiktig berekraftig utvikling av sårbar natur.
- Dette handlar om å gje kommunane og lokalsamfunn auka handlefridom. Det tenkjer eg er både god venstrepolitikk og god borgarleg politikk også, seier Bjørlo som meiner dette er inntekter som vil koma lokalsamfunna til gode.
Han peikar også på at turistskatt er ei ordning som er vanleg i mange andre land.
– Dette er heilt vanleg mange stader i verda. Det er difor ikkje noko nytt, dramatisk påfunn vi kjem med her.
MQVXv8gFine bilete på sosiale medium lokkar surfarar i fleng til surfeparadiset Hoddevik i Nordfjord. Den store tilstrøyminga gjer folk i området urolege for forsøpling og miljøproblem. Foto: Jørund Hessevik / NPKBilete: F
Dette handlar om å gje kommunane og lokalsamfunn auka handlefridom

Publisert: 30.01.2020 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51