Ørsta-etablering i fare
Ein ny fabrikk selskapet 3D Welding vil bygge i Ørsta kan bli for dyr, og bedrifta ser etter andre lokale på Sunnmøre.
- Det er stor fare for at det forsvinn ut frå Ørsta, seier primus motor og eigar av 3D Welding, Rolf Hjelle om fabrikkanlegget som skal hente heim sveiseproduksjon frå utlandet.
3D Welding skal bygge ein høgt automatisert fabrikk som kan gjere kutte- og sveisearbeid som i dag blir gjort i Aust-Europa og Kina, og konkurrere på pris.
Målet var å bygge fabrikken på det nye industriområdet Melsgjerdet, like aust for Ørsta sentrum. I så fall ville 3D Welding bli den første industribedrifta som flyttar inn på området.
Dyrare enn håpa
Håpet til 3D Welding var at eit nytt fabrikkbygg ville koste rundt 40 millionar kroner, men dei grundige anslaga selskapet har fått gjort konkluderer med ein pris på 50-60 millionar kroner.
Konsekvensen av det er at selskapet ser seg om etter lokale å leige, som gir lågare kostnadane. Dei alternativa ligg andre stadar på Sunnmøre, ifølgje Hjelle.
Hentar inn pengar
3D Welding har allereie to store kundar på plass, som gir selskapet 90 millionar kroner i årlege inntekter frå start.
Hjelle seier ei avgjerd om plassering blir tatt i januar neste år. Deretter vil det ta omlag eitt og eit halvt år før produksjonen er klar.
I dag er Hjelle eigar av selskapet, men berre formalitetane manglar før ei kapitalutviding er klart der også andre eigarar kjem inn, ifølgje Hjelle. Kapitalutvidinga skal sikre finansieringa som må til for at selskapet skal kome i gang med produksjonen.
Publisert: 22.12.2021 11:54
Sist oppdatert: 22.12.2021 11:54