Startar fabrikk til 100 millionar kroner
Flyttar heim sveiseproduksjon. Har millionavtalar med to store kundar før fabrikken er bygd.
Sidan 2016 har grunnleggaren Rolf Hjelle arbeidd med ideen om ein høgt automatisert fabrikk som kan gjere kutte- og sveisearbeid som i dag blir gjort i Aust-Europa og Kina - og konkurrere på pris.
Går alt etter planen har selskapet 3D Welding ein fabrikk ferdig og produksjonsklar tidleg i 2023. Fabrikken blir på 2800 kvadratmeter i første byggesteg. Det blir arbeidd med ei løysing på Melsgjerdet industriområde i Ørsta.
Har kundar på plass
3D Welding har allereie to store kundar på plass, som gir selskapet 90 millionar kroner i årlege inntekter frå start.
Med den eine, eit selskap som byggjer mellom anna industrihallar, har 3D Welding ein femårig avtale om å bygge takkonstruksjonar i stål, som vil gi 75 millionar kroner i årlege inntekter. Partane har ein avtale om å førebels ikkje opplyse kven som er kunden. Kunden har ein opsjon på å forlenge avtalen med ytterlegare fem år. Ein av grunnane til at kunden vil ha ein norsk produsent er reduserte CO2-utslepp. Norsk produksjon sparer utslepp frå transport og produksjon, og 3D Welding si berekning er at det er snakk om ein reduksjon på over 80 prosent.
Den andre avtalen er med P E Bjørdal i Ørsta. 3 D Welding vil bearbeide stålkonstruksjonar i svartstål for P E Bjørdal.
15 tilsette
Hjelle seier planen er å ha om lag 15 tilsette første driftsår og at selskapet er i ferd med å oppbemanne fram mot opninga, Per i dag er Kay Robot Yksnøy og Ole-Martin Steinnes tilsett , og det er også dei saman med Hjelle som har utvikla produksjonsstyringsystem og korleis fabrikken er sett opp.
Fabrikken og produksjonslinene er bygd, testa og utvikla i ein virtuell versjon, slik at feil er oppdaga og endra før den fysiske bygginga startar.
Fabrikken er også bygd slik at arbeidsteikningane til kundane kan leggast rett inn i produksjonssystemet og dermed spare seg ein programmeringsoperasjon.
100 millionar
Fabrikken, med bygg og produksjonsutstyret, vil koste om lag 100 millionar kroner.
Innovasjon Norge går inn med 9,5 millionar kroner i tilskot, og er saman med Sparebank 1 Søre Sunnmøre med på eit lån på 25 millionar kroner.
Det blir arbeidd med ei kapitalutviding der det skal hentast inn fire millionar kroner, og mellom andre P E Bjørdal - der Rolf Hjelle i dag er driftsleiar - blir ein av medeigarane. Bygget skal eigast av eit eigedomsselskap, som er under etablering.
Hjelle sjølv blir også medeigar.
Rekruttere yrkesskuleelevar
For å sikre seg kvalifiserte folk til den nye fabrikken vil 3D Welding starte rekrutteringsarbeidet i yrkesskulen, allereie før elevane kjem til læretida.
Elevar på andre årstrinn får tilbod om å søke på trainee-stillingar, der 3D Welding er med på å legge til rette for kursing gjennom skuleåret, før neste steg er læreplass og eventuelt fast jobb.
Publisert: 08.11.2021 16:23
Sist oppdatert: 22.12.2021 11:35