Vi elskar gode tilbod. Vi liker raske klikk, og julegåver som landar rett i postkassa heime. Men la oss vere ærlege: Kjøper du julegåvene frå ein utanlandsk nettbutikk, sparer du kanskje nokre kroner – men samtidig risikerer vi at lokalsamfunnet må ta rekninga.
For kvar pakke som kjem frå utlandet, forsvinn arbeidsplassar, skatteinntekter og verdiskaping ut av landet. Det er ikkje berre butikkane som taper, det er dei lokale møteplassane, fotballaget eller korpset til dottera di, og festivalen som skaper liv i sentrum. Den utanlandske nettplattforma sponsar ikkje lokalt engasjement og tek ikkje samfunnsansvar i bygda di. Den gir ikkje ungdommen sin første jobb. Den bryr seg ikkje om julestemning i sentrumsgata eller tenning av julegrana.
Julehandelen er livsnerven for mange butikkar. I følgje tall fra NHO Handel og Service, som organiserer mange av butikkane i handelsnæringa, utgjer den over ein tredel av årsomsetninga. Nettopp derfor er våre val om å handle lokalt, eit viktig bidrag til levande lokalsamfunn.
Dette handlar ikkje om å vere nostalgisk. Lokale og regionale butikkar tar også digitaliseringa på alvor. Dei har nettbutikkar, dei leverer heim, dei konkurrerer på kvalitet, service og nærleik. Men dei kan ikkje konkurrere mot selskap som opererer med andre spelereglar, der omsyn til klima, miljø og fellesskapet ikkje er viktig. Ikkje er det sikkert at pakken frå ‘Langtvekkistan’ rekk fram til postkassa di før jul heller.
Så spør deg sjølv: Vil du ha ein by eller ei bygd med tomme lokale, mørke gater og nedlagde butikkar? Eller vil du ha eit sentrum med liv, arbeidsplassar og møteplassar? Valet tek du med kvart einaste klikk.
Billig kan bli dyrt. Ikkje for deg i dag – men for lokalsamfunnet i morgon. Vil du ha butikken der resten av året, er det klokt å handle der også til jul.
Publisert: 01.12.2025 09:22
Sist oppdatert: 01.12.2025 10:04






