Ei krevjande reise
NØGD, TRASS UTFORDRINGAR: Tore Thorsnes, direktør for NAV i Sogn og Fjordane. 
Synspunkt

Ei krevjande reise

NAV-reformen var eit dristig eksperiment, som har lukkast i Sogn og Fjordane, meiner direktør Tore Thorsnes.

07.07.2016
Då NAV vart etablert 1. juli 2016, var dette Norges største offentlege reform. Trygdeetaten og Aetat vart oppløyste og skulle i lag med ein del kommunale sosialtenester utgjere dei nye NAV-kontora. NAV-reforma var eit dristig sosialpolitisk eksperiment: I vårt fylke skulle 26 kontor etablerast. Ulik kultur og ulik kompetanse skulle samkøyrast og forventingane til tenester var høge, trass i utdaterte og uferdige IKT-løysingar. På toppen skulle det heile skje innanfor stramme tidsrammer.
Det vart ein krevjande start der ikkje alt gjekk på skinner. Sett i forhold til rammevilkåra vi fekk, er likevel vår klare meining at vi kom godt frå det i Sogn og Fjordane, ikkje minst takka vere godt samarbeid med kommunane og fleksible, tolmodige og dyktige medarbeidarar. I løpet av denne ti-årsperioden har samfunnet vårt vore prega av store endringar. At brukarane i fylgje ulike undersøkingar tydeleg gir uttrykk for at dei blir stadig meir nøgde med tenestene til NAV er bra, men ikkje sjølvsagt: NAV sitt arbeid og ansvar ligg i skjeringspunktet mellom å ivareta viktige samfunnsinteresser, samtidig som einskildpersonar sine rettar i velferdssystemet skal ivaretakast.

Tenester på nett.

Trass i store overskrifter grunna økonomiske overskridingar, har NAV dei siste åra utvikla gode og moderne nett-tenester. På etter kvart fleire område får vi gode, trygge og effektive elektroniske løysingar. I dag får fleirtalet av alderspensjonistar vedtak om pensjon på sekundar «urørt av menneskehand». Det få veit er at NAV har motteke internasjonale prisar for nettsidene på pensjonsområdet.

Jobb er helse.

Også synet på arbeidsplassen har endra seg mykje på desse få åra. Dei fleste av oss hugsar tida då sjukmelding var det same som å vera heime uansett plager. Hadde du vondt i ryggen var det senga som gjaldt. Braut du foten skulle du halda deg vekke frå jobben, sjølv om beina var lite i bruk for å løyse faste oppgåver. I dag er synet på behandling av helseplager og jobb snudd heilt om. Det kjem tydlegare fram at deltaking i arbeidslivet gir ein svært positiv helsevinst. Det er ikkje alltid vi opplever det slik, men vi som er så heldige å ha ein jobb å gå til er både friskare og lever lenger enn dei som ufrivillig er utanfor arbeidslivet. Vi har altså lært at det er viktig at vi held kontakten med arbeidsplassen trass i helseplager!

10 000 innvandrarar.

I 2006 var 4.000 innbyggarar i fylket vårt innvandrarar. I dag er dette talet vel 10.000. Sogn og Fjordane er blitt eit meir internasjonalt samfunn, der ein av ti innbyggarar har flytta hit frå andre land. Heldigvis går det i denne retninga - vi er eit fylke som elles sakkar akterut i folketal samanlikna med resten av landet. Men vi må syte for å gi innflyttarane gode liv slik at dei blir verande i fylket, og då er tilgang til arbeidslivet heilt avgjerande. Her har vi i fellesskap ein viktig jobb å gjera.

Ungdom

sitt fråfall frå vidaregåande skule er eit tema som har dukka opp stadig oftare dei siste åra. Vårt fylke har mindre utfordringar på dette området enn resten av landet, men vi ser at for mange strevar med å få fotfeste i arbeidslivet og vi treng alle. Arbeidslivet er i rask endring, krava til formalkompetanse er aukande samtidig som talet på jobbar for ufaglærte er minkande. Aldri har det vore så viktig for ungdom å ta utdanning og å fullføra - særleg gjeld dette gutar, som har størst fråfall.

Korleis møter vi framtida?

Dei store utfordringane som samfunnet vårt står overfor, kan ikkje NAV løyse åleine. Skal næringslivet og offentleg sektor få tilgang til nok kvalifisert arbeidskraft, og skal alle dei med helseplager som ynskjer å bidra i yrkeslivet finna sin plass, må dette gjerast i eit tett samarbeid med næringsliv, helsevesen og utdanningsinstitusjonane.

Offentlege og private arbeidsgivarar

er dei viktigaste samarbeidspartane våre, men også ein viktig kunde for NAV. Stadig oftare ser vi at våre folk som jobbar med rekruttering skaffar bedriftene i fylket kvalifisert arbeidskraft. På same måte ser vi at eit aukande tal bedrifter tek imot og gir ungdom og innvandrarar verdfull arbeidspraksis. Ei vidareutvikling av samarbeidet med bedrifter og arbeidsplassar i fylket er ei av NAV sine viktigaste satsingar.

Ressursar og kompetanse.

Men - korleis skal NAV bidra til å løyse dei store oppgåvene som ligg framfor oss? Mi vurdering er at det er to område som peikar seg ut: Vår eigen kompetanse og bruken av dei ressursane vi rår over. Utviklinga innan offentleg sektor gir oss ein gradvis strammare økonomi, så ressursar må frigjerast gjennom endringar i organisering og arbeidsmetodikk. Meir enn halvparten av alle besøk på NAV-kontora kunne raskt og med like god kvalitet vorte erstatta av sjølvbetening på NAV sine nettsider – nav.no. Vi blir meir digitale år for år – det må også etter kvart gjelda kontakten vår med NAV. Medarbeidarane våre si tid må i størst mogeleg grad brukast i kontakt med dei som treng oss mest.

Endringar i struktur.

Den nyleg framlagde stortingsmeldinga om NAV seier at vi må få større NAV-kontor. Med 26 kommunar med kvart sitt vesle NAV-kontor, er det ei utfordring å ha kompetanse tilgjengeleg til å løysa mangfaldet av oppgåver. Vårt svar på stortingsmeldinga treng nødvendigvis ikkje bli så mange færre NAV-kontor, men skal vi klara å møta framtidas utfordringar må NAV i langt større grad organisera tenestene sine på tvers av kommunegrensene. Det betyr endring av dagens struktur, uavhengig av kva kommunereforma resulterer i. Eg vil over sommaren ta initiativ til ei drøfting om korleis «NAV-kartet» skal sjå ut her i fylket – både internt i NAV og med leiinga i kommunane. Dette blir eit spennande og utfordrande arbeid.

Til slutt.

Trass i nokre humpar under vegs meiner eg vi både er på rett veg og komne godt av stad. Kva som enn skjer rundt oss skal eg love at vi kvar einaste dag skal arbeide for ei velferdsteneste med dyktige og kompetente rådgjevarar som prioriterer dei som treng oss mest.
Tore Thorsnes, direktør i NAV Sogn og Fjordane

Publisert: 07.07.2016 11:00

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41