Eiksundsambandet m innfelt Eviind Sandnes Børulf Lefdal Astrid Tenden foto innfelt Ulstein Group
Eivind Sandnes, Børulf Lefdal og Astrid Tenden i Ulstein Group er blant dei hyppige brukarane av Eiksundtunnelen, som gjorde vegen mellom Ørsta/Volda og Hareid/Ulstein/Herøy/Sande ferjefri for 15 år sidan. Foto: Kjetil Haanes/Ulstein Group
Synspunkt

Eiksundsambandet gjorde kvardagen enklare

Eiksundsambandet er 15 år - og det er gode grunnar til å feire med ei svele, skriv kommunikasjonssjef Tonje Øyehaug Ruud i Ulstein Group.

22.02.2023

Eivind hadde ikkje flytta til Volda om det ikkje var for Eiksundsambandet. Børulf har opninga av sambandet som ‘flaggdag’ på kalenderen. Astrid tek gjerne arbeidsdagen i Ulsteinvik og står slalåm i Stryn om kvelden. Denne veka er det 15 år sidan Eiksundsambandet opna og med eitt endra kvardagen til mange på Nordvestlandet.

23. februar 2008 møtte folk opp i tusental for å feire opninga av Eiksundsambandet. Ferja som hadde gått i rute mellom Rjånes i Ørsta og Eiksund i Ulstein vart dermed avløyst av fastlandsamband for øykommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein. Fire år seinare opna Kvivsvegen, som forkorta reisa mellom Austefjorden og Hornindal.

Eiksundsambandet har gitt ein heilt annan kvardag
Desse samferdselssatsingane gjer at Eivind, Børulf og Astrid i Ulstein Group kan kome seg heim på kort tid, samtidig som dei har arbeidsplassen sin i Ulsteinvik. Berre i Ulstein Design & Solutions, der Eivind og Børulf arbeider, er det fire som pendlar gjennom sambandet dagleg. Dette utgjer nær 10 prosent av arbeidsstokken.

Børulf Lefdal bur i Hovdebygda og har jobba i Ulstein sidan 1995. Han har opplevd å pendle 13 år med ferje og 15 år gjennom tunnelen.

– Alt er mykje enklare no, det går ikkje an å samanlikne. Eg har ein heilt annan kvardag. Den effektive daglege pendletida éin veg med ferje var ein time og eit kvarter, for vi måtte møte opp i god tid for å vere sikre på å kome med. No er det ein halvtime. Det er kortare for meg å reise heim enn dei som bur i Fosnavåg – og eg slepper 60-sona, seier han.

Hadde ikkje budd i Volda utan sambandet
Eivind Sandnes er frå Vanylven og kona frå Ørsta, og dei bur i Volda med to born i barnehagealder. Med bakgrunn frå skipsdesign er Ulstein ein naturleg arbeidsstad for Eivind, og kona jobbar turnus på sjukehuset.

– Vi hadde ikkje kunna flytta til Volda i si tid utan Eiksundsambandet. Barnehagen stenger halv fem, så vi hadde ikkje fått kvardagen til å gå opp, seier han.

- Med to små born set eg pris på å få tømt hovudet i bilen på veg til jobb, og samtidig bur eg nær Sunnmørsalpane. Eg kjenner fleire som pendlar, og det kan ikkje vere tvil om at for bedriftene på ytre søre er det mykje enklare no å rekruttere frå Ørsta, Volda og Stryn, fortel Eivind.

På jobb i Ulsteinvik med kveldskøyring i Stryn
Astrid Tenden er ein annan type pendlar. Ho har busett seg i Ulsteinvik, men er opptatt av å reise heim til Stryn så ofte som mogleg.

– Eg tok til å jobbe i Ulstein International i 2022. Gjennom studia mine i Industriell Økonomi på Marinteknikk i Trondheim vart eg merksam på moglegheitene som ligg i Ulstein Group og eg valte å skrive masteren min om bedrifta, seier ho.

- Nesten alle eg studerte i lag med har flytta til storbyane. Det har eg ikkje behov for, her kan ein kan få alle dei utfordringane ein kan tenke seg gjennom jobben, men så har ein veldig kort veg til den fine naturen. Det er ein perfekt kombinasjon med jobben og moglegheitene her, og at det er kort til Stryn for å stå på ski, gå på fjellet eller jobbe på garden i Lodalen, understrekar ho.

Straumen går begge vegar
- Det er kjekt for Stryn med alle hytteturistane som kjem innover, men no går det ein straum hin vegen også. Ulsteinvik er til dømes den næraste staden for å spele bowling, og mange stryningar kjem faktisk hit ut for denne aktiviteten, seier ho med eit smil.

- Stryningar og nordfjordingar kjenner til industrien her ute, men har ikkje reist hit for å jobbe tidlegare i stor grad. Eg oppmodar fleire stryningar om å ta ei maritim utdanning, det er veldig spennande jobbmoglegheiter på Møre og kort veg heim. Eg tek gjerne frukosten og arbeidsdagen i Ulsteinvik og står på kveldskøyring i skibakken i Stryn om kvelden og køyrer ut att om morgonen, fortel ho.

Avmerka i kalenderen
For Børulf som opplevde mange år med ferjependling, har opninga av Eiksundsambandet endra kvardagen enormt. Rett nok er bilen meir rotete, for han brukte ventetida på ferjekaia til å rydde bilen. Og bilen vert skiten i tunnelen. Men opningsdatoen for Eiksundsambandet er oppført i kalenderen hans som ein årleg merkedag, på lik line med bursdagsdatoen til kona og ungane.

Torsdag 23. februar 2023 er Eiksundsambandet 15 år, og det er gode grunnar til å feire med ei svele og minnest ferja.

Publisert: 22.02.2023 14:36

Sist oppdatert: 22.02.2023 19:08

Mer om