Stad skipstunnel illustrasjons kystverket 6
UTSETT TUNNEL: Knut Arne Høyvik meiner at det er kun ved Stad det er muleg å gjere ein bypassoperasjon og leie trafikken inn i smult farvatn. Skisse: Kystverket
Synspunkt

Ein bypassoperasjon

Knut Arne Høyvik meiner at det er berre ein stad i landet ein kan gjere ein bypassoperasjon og leie trafikken inn i smulare farvatn - og det er ved Stad.

23.05.2023

Stad skipstunnel er sett på vent. Vi som har kjempa for tunnelen har presentert argumenta for å bygge den så mange gongar at det til slutt har blitt keisamt.

Mitt standpunkt har ei enkel forklaring, eg kjenner havstykket og veit kor utfordrande det kan vere i dårleg vêr.

Det er nemleg ikkje alle som jublar for Stad skipstunnel her lokalt, det må ein berre akseptere. Dei som av ein eller anna grunn trur at pengane som blir sparte dersom ein ikkje bygg tunnelen, blir brukt på andre samfunnsinvesteringar her hjå oss , kjem uansett til å bli skuffa.

Vi har mange krevjande havstykke langs kysten: Østhavet, Lopphavet, Vestfjorden, Frohavet og Hustadvika, for å nemne nokre.

Men det er berre ein plass vi kan gjere ein bypassoperasjon, og leie skipstrafikken inn i smult farvatn, og det er ved Stad. I seg sjølv er det eit veldig godt argument for å gjere akkurat det.

Det er god butikk for den maritime nasjonen Norge og gjere denne bypassoperasjonen gjennom denne halvøya, som stikk ut og tek i mot dei fleste stormane som råkar landet vårt.

Og som mange dagar i året både forseinkar og hindrar skipstrafikken.

Men prosjektet liknar meir og meir på ein treg seglas rundt Stad, med full storm rett i baugen.

Reknemeistrane har vore mange, og dei slit med rekne seg inn i smult farvatn.

Akkurat no ser det ut som ei likning med fleire ukjende, og politikarane ber om stadig mye reknestykke. Eg har ein mistanke om at dei ikkje gir seg før dei har lagt prosjektet i skuffa for godt, til ståande applaus frå kommentatorane i Akersgata

Tidlegare fiskeskipper og fiskarlagstillitsvald Knut Arne Høyvik

Publisert: 23.05.2023 19:26

Sist oppdatert: 23.05.2023 23:11

Mer om