Fire kommunar i Moere og Romsdal
Synspunkt

Fire kommunar i Møre og Romsdal?

Om ein skal ta signala frå regjeringa på alvor, er det neppe rom for meir enn fire eller fem kommunar i Møre og Romsdal i framtida. Dette skriv fylkesplansjef Ole Helge Haugen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

03.12.2015
Det har skjedd store endringar i samfunnet vårt sidan kommunestruktur vart lagd. Betre infrastruktur og nye transportmiddel, gjer at vi lever kvardagsliva våre i eit stadig større geografisk område. Vi bur i ein kommune, far arbeider kanskje i ein annan kommune, vi handlar ofte i ein tredje og tenåringsbarna går på vidaregåande skule i nabokommunen.
Næringslivet legg lite vekt på kommunegrensene. Dei har tilsette frå mange kommunar, kjøper støttetenester i nabokommunane og brukar heile regionen for å finne kompetansemiljø dei kan samarbeide med. Ein kan og stille spørsmål ved om kommunane sjølv legg så stor vekt på kommunegrensene lenger? Berre i Møre og Romsdal finst det meir enn 250 ulike interkommunale samarbeid (kjelde: NIVI analyse) på så ulike område som renovasjon og barnevern, og det meste mellom desse. Dette må til for at kommunane skal være i stand til å levere det som dei er pålagt, og som innbyggarane forventar. Vi har mellom anna sett at Fylkesmannen i Møre og Romsdal meiner det er naudsynt med enno meir interkommunalt samarbeid på barnevernsområdet.
Samla gir dette eit bilde av ein kommunestruktur som ikkje er spesielt relevant, korkje for innbyggarar, næringsliv eller kommunane sjølv.

Attraktivitet og vekstkraft

Interkommunalt samarbeid i det omfanget vi ser i dag svekker lokaldemokratiet. Innspel: Er det eit sterkt lokaldemokrati, når vi stemmer i den kommunen vi søv i, men ikkje den vi arbeider i, den borna vore tek den vidaregåande utdanning i, eller som leverer tenester til oss på alt frå renovasjon til landbruk, på legevakt og barnevern?
Kor store må dei nye kommunane i Møre og Romsdal vere for at dei skal klare å etablere fagmiljø som er robuste og attraktive nok til å løyse samfunnsoppdraget utan interkommunale samarbeid? Dette finst det sjølvsagt ikkje noko fasitsvar på, men eg trur at eit innbyggjartal på minimum 10 000, som mange brukar, kan vere noko lågt. Kommunar av den storleiken har befolkningssamansetning og vekstkraft i befolkninga som er langt svakare enn større kommunar. Det er og typisk at dei ofte manglar eit regionalt sentrum med vekstkraft og attraktivitet. Etablerer ein i dag kommunar med 10 000 innbyggarar og eit kommunesenter på mindre enn 5 000 innbyggarar risikerer ein at desse sakkar akterut i høve til større kommunar, og om 20 år får vi same problemstilling med behov for interkommunalt samarbeid. Lista bør truleg leggast høgare, dersom ein skal klare å nå målet om eit einsarta kommunenivå med generalistkommunar der interkommunalt samarbeid er unntak.

Robuste einingar med nye oppgåver

Regjeringa er også klar på at dei nye kommunane skal få nye oppgåver, oppgåver som i dag ligg til fylkeskommunen og staten. Aktuelle oppgåver ligg innafor område som: Næringsutvikling, regional- og distriktspolitiske virkemidlar, tannhelseteneste, kulturminnevern, regional planlegging, kultur og idrett inkl. tilskotsforvaltning, samt vidaregåande opplæring og samferdsel inkludert fylkesvegar, kollektivtransport og transportplanlegging. Eg trur at vidaregåande utdanning, samferdsle og arealplanlegging, er fagområde som særleg gjer at ein må tenkje vesentleg større kommunar enn i dag, ikkje berre for å sikre gode fagmiljø, men for å kunne gjennomføre ein heilskapleg politikk. Regjeringa formulerer det slik i mandatet dei har gitt eit ekspertutval som sjå på kva kriterium som kan vere aktuell for å gjennomføre kommunereforma: «Større kommuner vil styrke forutsetningene for en helhetlig og samordnet samfunnsutvikling, herunder arealplanlegging, transport, næring, miljø og klima ved at større områder og befolkningsgrunnlag kan sees i sammenheng.» Vidare seier dei: «Kommunereformen skal legge til rette for at kommuner slår seg sammen til større, robuste enheter som samsvarer bedre med de naturlige bo- og arbeidsmarkedsregionene som har utviklet seg over tid». (Er det gitt at det er fornuftig at kvar kommune får fleire oppgåver?)

Nye kommunar på Sunnmøre

Tek vi utganspunkt i dei 13 etablerte bu- og arbeidsmarknadsregionane (BA) i Møre og Romsdal (NIBR 2013), ser vi at det er berre fem som oppfyller «kravet» om over 10 000 innbyggarar. Startar vi på søre Sunnmøre ser vi at både Ulstein og Ørsta/Volda BA har godt over 10 000 innbyggarar. Når Eiksundsambandet får virke i nokre år til, er det grunn til å tru at desse to områda utviklar seg til ein BA region. Med ein reiseavstand på om lag ein halvtime mellom dei to største tettstadane, Ulsteinvik og Ørsta, er det ikkje unaturleg at ein her ikkje tenkjer ein kommune. Når det gjeld Vanylven, kan ein både argumentere for at dei orienterer seg mot Ytre Nordfjord, eller mot det vi kan kalle «Eiksund kommune». Dette valet er det naturleg at innbyggarar og næringsliv i Vanylven tek.
Lenger nord på Sunnmøre er det naturleg at Sandøy blir ein del av Ålesund med utsikter til fastlandsforbindelse den vegen. På indre Sunnmøre er Norddal/Stranda i dag ein eigen BA region. Denne oppfyller ikkje dei kriteria til nye kommunar eg har drøfta tidligare i artikkelen. Eg trur at den mest naturlege løysinga er at også desse inngår i den framtidige Ålesund kommune. Det har frå enkelte i denne regionen vore teke til orde for å etablere ein kommune på indre Sunnmøre der og Stordal og Sykkylven inngår. Dette vil bryte med prinsippet om at ein skal bygge på dagens BA regionar (jfr. regjeringa sitt mandat til «ekspertutvalet»), og vil gje ein kommune utan eit skikkeleg tyngdepunkt/senter, og med ei samansetning i befolkninga som vil vere utfordrande. Også med tanke på samferdsle, er ein slik kommune ei utfordring.

Over 60 000 innbyggjarar i Molde kommune

Innbyggarar og næringsliv i heile Romsdal orienterer seg i stadig større grad mot Molde, og med kryssing av Langfjorden vil Rauma vere ein naturleg del av ein framtidig Molde kommune. Gjemnes kommune er ein del av BA Molde, men har i val av regionråd gitt politiske signal om ein ønskjer ei regionstilknyting nordover. Sjølv om enkelte deler av Gjemnes i dag heilt klart soknar mot Molde når det gjeld pendling, val av utdanningsstad, handel med meir, gjer den geografiske plasseringa at det nok ikkje er kritisk om ein her vel den ein eller andre løysinga. Sunndal er kanskje den mest «spanande» kommunen i fylket i ein slik diskusjon. Sjølv om det er ein del som pendlar frå Sunndal til Molde er dei historiske og politiske banda her svakare enn mot Nordmøre. Sunndal er tettast integrert med Tingvoll, Nesset og Surnadal. Tingvoll høyrer etter mitt syn naturleg til ein framtidig Kristiansund kommune, og Nesset til Molde.

Kristiansund som regional motor

Ein kan sjå for seg ein kommune på indre Nordmøre, slik m.a. NIVI foreslår, med Sunndal, Surnadal, Halsa og Rindal. Her vil motargumentet vere det same som for indre Sunnmøre, mangelen på eit attraktivt nok kommunesenter og ei noko krevjande samansetning i befolkninga når det gjeld t.d. andelen eldre og utdanningsgrad. Eg meiner derfor det er mest framtidsretta å inkludere også indre Nordmøre i ein framtidig Kristiansund kommune. Dette vil og styrke Kristiansund si rolle som regional motor og legge til rette for at også indre deler av regionen kan ta del i den sterke vekstkrafta som er nærare kysten. Aure og Smøla er av m.a. NIVI foreslått som ein del av ein ny kommune saman med Hemne. Dette vil bli ein kommune på knapt 10 000 innbyggarar og utan eit attraktivt kommunesenter med vekstkraft. Historisk og politisk er dette kommunar som soknar til Kristiansund og er ein naturleg del av den same kommunen.

Fire kommunar i Møre og Romsdal


Regjeringa legg opp til ein omfattande prosess der kommunane sjølv skal bestemme kva struktur dei ønskjer i framtida. Min analyse er basert på krav og målsetjingar ein har for framtidas kommunar sett opp mot dagens situasjon i fylket. Her baserer eg meg på omfattande statistikk, og framskrivingar, på område som befolkningssamansetning, næringsstruktur, pendlartal, søkjartal på vidaregåande skular, handelsstatistikk, politisk samarbeid med meir.
Konklusjonen er at dersom ein skal oppfylle målsetjingane i regjeringa sin varsla kommunerevisjon og erstatte dagens kommunar med nye robuste kommunar som på eigen hand (generalist) kan handtere dei nye oppgåvene dei vert tilført er fire kommunar den beste løysingar i fylket. Desse kommunane oppfyller alle krav ein i dag kan sjå for seg ein i slik reform.
Eiksund kommune : 47 078
Vanylven, Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande
Ålesund kommune : 91 614
Stranda, Norddal. Stordal, Ørskog, Sykkylven, Sula, Skodje, Ålesund, Haram, Giske; Sandøy
Molde kommune : 62 708
Vestnes, Rauma, Nesset, Molde, Midsund, Aukra, Fræna, Eide
Kristiansund kommune : 58 004
Sunndal, Gjemnes, Surnadal. Rindal. Halsa, Tingvoll. Kristiansund, Averøy, Aure, Smøla

Publisert: 03.12.2015 14:26

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41