Fiskebatar i Alesund foto Ogne
UNDERVURDERT: Å styrkje fiskeflåten si rolle i beredskapen er både tryggleikspolitikk og distriktspolitikk, meiner Knut Arne Høyvik..Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Synspunkt

Fiskeflåten og beredskap

Fiskeflåten vert sjeldan omtala som det den faktisk er, ein strategisk ressurs, skriv tidlegare fiskeskipper Knut Arne Høyvik.

26.02.2026

I ei tid der ord som «beredskap» og «totalforsvar» blir ropt frå alle politiske talarstolar, diskuterer vi kornlager, drivstoffberedskap og militær opprusting. Milliardar vert løyvde. Utval vert nedsette. Strategiar vert skrivne.

Men midt i denne nasjonale sjølvgranskinga står ein operativ beredskapsressurs som knapt vert nemnd, nemleg fiskeflåten.

Den norske fiskeflåten er ikkje eit framtidig prosjekt. Den er ikkje ein plan på teiknebrettet. Den er på sjøen – kvar einaste dag. Frå kysten og heilt nord i Barentshavet opererer fartøy bygde for å tole ekstremvêr, avstandar og uforutsigbare situasjonar. Mannskapa handterer krevjande navigasjon, tekniske problem og raske avgjerder utan å måtte be om instruksar frå eit kontor i Oslo.

Dette er beredskap i praksis.

Matberedskap er det mest grunnleggande i eit samfunn. Utan mat fell alt anna saman. Norge har lite dyrkbar jord, men vi har eit av verdas rikaste havområde. Fiskeflåten haustar desse ressursane kontinuerleg. I fredstid går mest til eksport. I krise kan prioriteringane endrast. Det krev ikkje nye investeringar – det krev politisk vilje og førebuing. Rett nok har organisasjonane i fiskerinæringa spelt inn til styresmaktene den viktige tilgangen på mat som fiskeria kan skaffe. Men flåten kan bidra med så mykje meir.

I nord har flåten ei veldig viktig rolle. Når norske fartøy opererer i Barentshavet og rundt Svalbard, er det ikkje berre næringsverksemd. Det er suverenitetsutøving. Aktivt bruk av havområda er ein del av vår tryggleikspolitikk. Kontinuerleg sivil aktivitet er eit viktig supplement til militært nærvær.

Likevel vert fiskeflåten sjeldan omtala som det den faktisk er, ein strategisk ressurs.

Mange av dei havgåande fartøya har betydeleg lastekapasitet. Dei har store dieselaggregat som kan levere straum i krisesituasjonar. Dei har moderne satellittkommunikasjon. Dei kan produsere store mengder ferskvatn av sjøvatn. Dette er kapasitetar som kan vere avgjerande dersom straumnett, vatnforsyning eller kommunikasjon sviktar. Mange har også store fryserom som kan lagre mat.

Under pandemien fekk vi eit varsku om kor sårbare globale system kan vere. Likevel har vi ikkje teke det openberre neste steget: å integrere fiskeflåten tydelegare i nasjonal beredskapsplanlegging. Ikkje som eg er kjent med i alle fall. Tek eg feil blir eg sikkert korrigert.

Finst det klare avtalar for mobilisering? Er drivstoffprioritering avklart? Er kompensasjonsordningar på plass? Har ein øvd på samspel mellom flåten og andre beredskapsaktørar?

Dersom svaret er nei, har vi eit politisk ansvar som ikkje er teke.

Eit moderne totalforsvar handlar om samspel mellom sivile og militære ressursar. Fiskeflåten representerer desentralisert infrastruktur, operativ kompetanse og kontinuerleg produksjon av det mest grunnleggande vi treng, nemleg mat. Samstundes er den ryggrada i kystsamfunna. Å styrkje flåten si rolle i beredskapen er difor både tryggleikspolitikk og distriktspolitikk.

Vi treng ikkje berre nye planar og nye investeringar. Vi treng å ta i bruk det vi alt har, og fiskeflåten kan spele ei sentral og viktig rolle i vår beredskap.

Publisert: 26.02.2026 10:30

Sist oppdatert: 26.02.2026 10:30

Mer om