Fiskebaat med skarp kritikk mot Equinor og havvind
KAMP OM PLASSEN: Fiskeri- og havvind konkurrere delvis om dei same områda. Fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, kritiserer NVE for å legge for lite vekt på fiskeriinteressene.
Synspunkt

Fiskerinæringa sitt sameksistensparadoks

Det er eit paradoks at havvind-næringa sine organisasjonar legg større vekt på fiskeriinteressene enn NVE, skriv Hanna Bauge i Fiskebåt.

05.11.2025

Det blir ein krevande jobb å ivareta fiskerinæringa i tida som kjem, dersom ein i kampen om havareala skal legge så liten vekt og verdi på fiskeria som Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har valt å gjere i den siste konsekvensutgreiinga for havvind

Fiskebåt stiller spørsmål ved om dette er ei medviten handling frå NVE si side. Er det i staden samarbeidet med havvindnæringa sine bransjeorganisasjonar som skal sikre sameksistens med fiskerinæringa i den norske utbygginga av havvind? Det vil vere eit stort ansvar å legge over på to næringar som konkurrerer om knappe arealressurser til havs.

Fiskeria skal tilleggast særlig omsyn
Regjeringa har i si næringsplan for norske havområde fastsett at det særleg skal takast omsyn til viktige gyte-, oppvekst- og vandringsområde, samt sentrale fiskefelt, når avgjerder om arealbruk i havområda skal tas. Statsminister Jonas Gahr Støre og fleire fiskeriministrar har uttalt at fiskeria ikkje skal fortrengast frå sine område når det skal byggast ut vindkraft til havs. Dette var ei viktig og etterlengta avklaring for fiskerinæringa.

Den strategiske konsekvensutgreiinga som no er lagt fram, skapar tvil om dette faktisk blir fylgt i praksis av regjeringa sine underliggande direktorat.

Petroleumsnæringa blir vekta særleg høgt. Verdiskaping og statlige inntekter vert vektlagt tungt, utan at deira negative sider med høge klimagassutslepp, takast med i berekninga. Fiskerinæringa vert sett til ei lågare verdi for samfunnet, trass i at ho er fornybar og skal levere sunn og klimavennleg mat til verda langt inn i framtida.

Framstillinga gjer at fiskerinæringa si betydning i enkelte av utgreingsområda framstår som uvesentleg, og difor lettere kan overkøyrast. Dette reagerer ikkje berre fiskerinæringa på, men òg Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet.

Støtte frå havvindnæringa sine bransjeorganisasjonar
Offshore Norge og Fornybar Norge tilrår ikkje å gå vidare med dei utgreiingsområda som fiskerinæringa har uttrykt særleg uro for.

Så sjølv om NVE nedvurderer fiskerinæringa i denne utgreiinga, ser det i det minste ut til at havvindnæringa sine bransjeorganisasjonar held seg til regjeringa sin politikk, og til det som er forhandla fram mellom organisasjonane i dreiebok og prinsippdokument om sameksistens mellom fiskeri og havvind.

Det kan verke som et paradoks, men det gir samstundes grunnlag for varsam optimisme om at vi skal klare å etablere havvind på norsk sokkel i samspel med fiskerinæringa.

Tunge kampar
Fiskeriorganisasjonene står i tunge kampar for å ta vare på areal for framtidig fiske. I fleire av nabolanda våre er mange fiskarar i ferd med å gje opp.

Vi kan aldri ta fiskerinæringa si eksistens for gitt. Det viser seg òg at vi ikkje kan rekne med at regjeringa sin politikk om å ta særleg omsyn til fiskerinæringa, alltid blir fylgt opp i praksis. Dersom ikkje fiskerinæringa sin samfunnsverdi blir løfta fram i utgreiingar og avgjerder, risikerer vi at ho sakte men sikkert blir pressa til sides – til fordel for meir kraftproduksjon, meir fossile brennstoff, meir mineraler og ein masse laks.

Samfunnsoppdraget Fiskerinæringa er berekraftig, fornybar og avgjerande for å kunne hente ut sunn og klimavennleg mat til ei veksande verdsbefolkning. Den norske fiskeflåten står for om lag 20 millionar fiskemåltid kvar einaste dag – heile året. Næringa bidreg til norsk matberedskap, held kystsamfunn levande og er til stades i havområda våre for å hevde norsk suverenitet.

For at fiskeflåten skal kunne halde fram med å levere på dette samfunnsoppdraget, treng vi store havareal til fiske. I tillegg må ny havbasert næringsverksemd ikkje utviklast på kostnad av havmiljøet og ressursgrunnlaget for fiskerinæringa.

Fiskebåt meiner at viktige fiskeområde som har vore i bruk i tiår, må prioriterast for dette. Berre slik kan vi sikre ei framtidsretta og berekraftig hausting av norsk sjømat.

Av juridisk rådgivar Hanna Bauge i Fiskebåt

Publisert: 05.11.2025 11:22

Sist oppdatert: 05.11.2025 12:03

Mer om