
Fylkespolitikarane sitt effektive sentraliseringsprosjekt!
Yngre og nyutdanna kunstnarar vel vekk Møre og Romsdal og fylkespolitikken vil gjere vondt verre, skriv rektor ved Ytre kunstfagskole i Ålesund saman med fleire.
Den viktigaste kampsaka for dei profesjonelle kunstnarane i Møre og Romsdal er å auke rekrutteringa. Vi har, som fylke, svært få kunstnarar med ein svært høg snittalder. For det visuelle kunstfeltet snakkar vi faktisk om ein svært høg snittalder. Yngre og nyutdanna kunstnarar vel å ikkje etablere seg i Møre og Romsdal. Unge som reiser ut og tek utdanning flyttar ikkje tilbake og kunstnarar frå andre stader ser ikkje mot vår region når dei skal etablere seg og bygge opp sitt kunstnarskap. Her finns nyansar i denne skildringa, men dette er hovudbiletet.
Den viktigaste grunnen til denne situasjonen er mangel på jobbmoglegheiter, økonomi og fagmiljø. Her er få institusjonar og visningsstader. Visningsstadane som er her har problem med å rekruttere og halde på fagpersonell og med dette få økonomien til å gå rundt. Kunstfeltet er eit økosystem. Få kunstnarar – gir lite aktivitet – gir lite statlege midlar til fylket – gir utfordringar for institusjonane – gir dårleg publikumstilbod – gir lite jobb til kunstnarane – gir færre kunstnarar, osv.
Dei profesjonelle kunstnarane i Møre og Romsdal har akkurat fått nye og tydelege signal frå politikarane våre: Prosjektstøtta til profesjonelle kunstartar vart i desember kutta frå 1. mill. til 250.000 kr, og no er forslaget å fjerne ordninga heilt. Det blir årleg søkt om ca 6 mill. og ordninga har på ingen måte monna i høve behovet. Men det var noko. For oss er vedtaket i desember og forslaget som skal opp 4.feb eit så tydeleg signal frå politikarane om at verdiskapinga vår her i fylket ikkje er ønska, at det ikkje er til å misforstå. Det desse handlingane seier er: Ta med deg aktiviteten din, kunsten din, alle prosjekta du driv i lokalsamfunnet ditt, og flytt ut og vekk. Flytt til sentrale strok der arbeidet ditt har verdi!
Vi ynskjer å minne om formålet med prosjektstøtta og ambisjonane som nokon ein gong hadde:
Tilskotsordninga skal bidra til å vidareutvikle eit mangfaldig og tilgjengeleg profesjonelt kunst- og kulturtilbod for befolkninga ved å:
- stimulere til auka kunstfagleg produksjon av høg kvalitet
- stimulere til auka kunstfagleg formidling av høg kvalitet
- gi utøvarar innan alle uttrykk moglegheit å arbeide med gode prosjekt
- stimulere til auka visning av kunst og kultur i heile fylket
Vi vil be alle som går rundt og tenkjer at offentlege tilskot til profesjonelle kunstnarar handlar om pengar til enkeltpersonar om å lese formålet over her ein gong til. Ordninga er til for befolkninga. Det er kunstnarane som skaper kulturtilbodet for oss som bur i Møre og Romsdal. Difor skal offentlege midlar brukast på kunstnarar. Kunstnaren si rolle i eit samfunn er å observere og spegle det samfunnet vi er ein del av. Dette er kjernen i den profesjonelle kunsten. Utan kunstnarar som bur og arbeider her i fylket vil det vere turistkunstnarar som kjem innom og held opp denne spegelen framfor oss. Kutt i ordningar som dette er samfunnstap, og politikarane viser manglande even til å sjå sitt ansvar som forvaltar av offentlege midlar på vegne av fellesskapet.
Med helsing
Biletkunstnarane i Møre og Romsdal ved styreleiar Simon Wågsholm
Norske Kunsthåndverkere Midt-Norge ved regionleiar Monika Mørck
Møre og Romsdal kunstsenter ved dagleg leiar Hanne Ulla
Kristiansund Kunsthall ved Karl E Endresen
Aggregat Kunstnerfelleskap ved dagleg leiar Trine Isaksen Muriaas
Longva kunstnarresidens ved Terese Longva
Surnadal Billag ved Jon Arne Mogstad
Ytre kunstfagskole ved rektor Trine Røssevold
Publisert: 05.02.2025 08:27
Sist oppdatert: 05.02.2025 10:44