Rystad mineralutvinning illustrasjon Rystad Energy reasearch and analysis
GRUVEDRIFT: Slik har Rystad Energy skissert korleis det er mogleg å drive gruvedrift på havbotnen. Slik verksemd er Fiskebåt sterkt kritiske til. Illustrasjon: Rystad Energy
Synspunkt

Gruvedrift på havbotnen er hasard-spel med økosystemet

Regjeringa trassar faglege råd og internasjonal skepsis, skriv Hanna Bauge og Odd Kristian Dahle i Fiskebåt.

Regjeringa har opna for gruvedrift på havbotnen.

Dette har skjedd trass faglege råd, og stor politisk skepsis frå resten av verda. På spel står dei komplekse økosystema i havet.

Så langt har 32 land, deriblant Frankrike, Tyskland og Storbritannia bedt om eit forbod mot mineralutvinning til havs. Det same har Europaparlamentet og fleire store internasjonale næringsaktørar gjort. Med på laget er også meir enn 800 havforskarar frå 44 forskjellige land rundt om i verda. 

Alle fryktar for konsekvensane av å sette i gang ein aktivitet som ein ikkje ser følgene av. Likevel har regjeringa med støtte frå Høgre og Framstegspartiet opna for gruvedrift i norske havområde. Rett nok etter ytterlegare kunnskapsinnhenting og konsekvensutgreiingar. 

Men kvifor gjere det, når forslaget ser ut til å vere i strid med føre-var-prinsippet, slik det kjem til uttrykk i lovverket.

Fiskebåt har naturleg nok gitt uttrykk for dette i vår høyring om den første konsesjonsrunden for mineralutvinning på havbotnen. Det har ikkje kome fram ny kunnskap, eller gjennomført miljøkartleggingar etter det som blei gjort gjennom ei konsekvensutgreiing i 2022-2023. 

Energidepartementet har uttalt at dei vil ta initiativ til ein prosess for å styrke kunnskapsgrunnlaget, og at dette skal skje gjennom Mareano-programmet, Havforskingsinstituttet og andre fagmiljø. 

Så langt er ikkje dette kartleggingsarbeidet sett i gang, og det kan truleg tidlegast starte i 2025. Samtidig planlegg regjeringa å tildele løyve i løpet av første halvår 2025.

Det er lagt opp til eit hastverk i denne saka som er vanskeleg å forstå. Norge kan bli ein av svært få nasjonar som med dårleg kunnskapsgrunnlag etablerer kommersiell gruvedrift på havbotnen. Dette skjer også før Norge har tatt stilling til kva for område som skal vernast mot menneskeleg aktivitet. 

Gjennom FN sin Naturavtale frå 2022 har Norge forplikta seg til å verne 30 prosent av havområda. Førebels er det ikkje tatt stilling til kva for område dette blir.

Arealet som er foreslått for tildeling av løyve for gruvedrift overlappar også med dei såkalla SVO-områda – særleg verdifulle og sårbare område, altså område der ein i utgangspunktet skal halde seg unna med inngripande aktivitetar. 

I desse områda blir botnhabitata omtalt som saktevoksande, skjøre, lav restitusjonsevne, unik samansetting av artar, sårbare for fysisk påkjenningar og endringar i klimaet. Med dette som bakteppe er det også både underleg og merkverdig at Energidepartementet avviser eventuell forureining i form av lys og lyd frå gruvedrifta, sjølv om ein har minimalt med kunnskap om djuphavet og økosystema som er der. 

I dei aktuelle områda er det i tillegg eit generelt forbod mot å drive fiske med botnreiskapar – nettopp fordi ein ikkje veit konsekvensane, og har eit ønske om å ikkje utsette desse områda for menneskeleg aktivitet.

Fiskebåt som næringsorganisasjon er open for at andre næringar skal kunne finne sin plass i havet. Samtidig er vi skeptiske til den risikoen som ligg i at nye og ukjente næringar skal etablere seg og beslaglegge store havområde, og i tillegg påføre økosystema uoppretteleg skade. 

Havforskingsinstituttet har uttalt at det det ikkje eksisterer kunnskap om økosystema for 99 prosent av det opna området.

Det er difor alvorleg at norske styresmakter har valt å sjå bort frå faglege råd i iveren etter å legge til rette for nye næringar. 

Fiskebåt meiner difor at utlysinga må trekkast tilbake til det er gjennomført eit grundig kartleggingsarbeid som gir eit forsvarleg grunnlag for å vurdere om gruvedrift på havbotnen er tilrådeleg.

av rådgivar Hanna Bauge og informasjonsleiar Odd Kristian Dahle i Fiskebåt

Publisert: 06.11.2024 12:03

Sist oppdatert: 06.11.2024 12:17

Mer om