Monica Molvaer Carl Henrik Moltumyr Hogre
VIL HA MEIR OLJELEITING: Monica Molvær og Carl-Henrik Moltumyr er høvesvis 1. og 2.kandidat til til Stortingsvalget for Høgre i Møre og Romdal. Foto: Høgre
Synspunkt

Høgre sikrar fleirtal for ny olje- og gassleting

Med Senterpartiet ute av regjering opnar det seg no ei historisk moglegheit for å gjenoppta leiting etter olje og gass i nye område, skriv Monica Molvær og Carl-Henrik Moltumyr.

Med Senterpartiet ute av regjering opnar det seg no ein historisk moglegheit for å gjenoppta leting etter olje og gass i nye område. Høgre fremjar no forslag i Stortinget om å lyse ut 26. konsesjonsrunde – og ser ut til å få fleirtal saman med FrP, Senterpartiet og Christian Tybring-Gjedde.

Noreg er ein stolt olje- og gassnasjon, og det skal vi halde fram med å vere i lang tid framover. No som venstresidens blokkering av ei ny leterunde har falle, vil vi setje i gang utlysinga så raskt som mogleg. Det håpar og trur vi at Stortinget vil gje si tilslutning til.

Arbeidsplassar, verdiskaping og energisikkerheit
Sidan 2022 har 26. konsesjonsrunde vore sett på vent som følgje av budsjettavtalane mellom Ap, Sp og SV. No som Senterpartiet ikkje lenger er bunde av regjeringa sin politikk, har Stortinget ei reell moglegheit til å sikre føreseielege rammevilkår for petroleumsnæringa.

– Utlysing av nye letelisenser er avgjerande for arbeidsplassar og verdiskaping, ikkje minst her i Møre og Romsdal. Vi har sterke leverandørmiljø og ein maritim næring som er heilt avhengig av føreseielegheit. SV si sigring i budsjettforhandlingane med Støre-regjeringa kunne blitt skjebnesvanger for oss, men no kan vi rette opp kursen, seier toppkandidat Monica Molvær.

26. konsesjonsrunde

• 26. konsesjonsrunde gjeld umodne område på norsk sokkel og har vore sett på vent sidan 2022.

• Nummererte konsesjonsrundar lysast vanlegvis ut annankvart år og omfattar nye leiteområde.

• TFO (Tildeling i førehanddefinerte område) lysast ut årleg og dekkjer modne delar av sokkelen.

Høgre meiner at Noreg må ta ansvar i ei krevjande energisituasjon i Europa, der fleire land står i fare for kraftunderskot.

– Overgangen til fornybar energi er krevjande, og vi ser no at EU-land diskuterer å gå bort frå målet om full uavhengigheit frå russisk gass. Noreg må framleis vere ein stabil og demokratisk leverandør av energi, avsluttar dei to toppkandidatane Moltumyr og Molvær.

Høgre føreslår:

• Stortinget ber regjeringa lyse ut 26. konsesjonsrunde i løpet av første halvår 2025.

Monica Molvær og Carl-Henrik Moltumyr er høvesvis 1. og 2.kandidat til til Stortingsvalget for Høgre i Møre og Romdal.

Publisert: 17.02.2025 10:00

Sist oppdatert: 17.02.2025 10:00