Årsmøtet til Høgre i Møre og Romsdal vedtok i helga ein resolusjon som er stikk i strid med politikken Høgre førte sist partiet satt i regjering, som framleis er partiet sin gjeldande politikk: At fiskeflåten skal betale ei ekstra avgift på diesel, som skal stimulere til at bruken av fossilt drivstoff går ned, og dermed CO2-utsleppa.
Denne såkalla CO2-avgifta vil Høgre i Møre og Romsdal fritak fiskeflåten frå, og arbeide for at eit slikt fritak skal bli heile partiet sin politikk.
"Denne avgifta gjer at det er billegare for norske fiskebåtar å bunkre drivstoff i utanlandske hamner enn i norske. Dette skapar urettferdige konkurransevilkår der utanlandske aktørar blir favoriserte på bekostning av norske fiskarar. Resultatet kan bli svekka konkurransekraft, tapt verdiskaping, risiko for reduserte arbeidsplassar i norske kystsamfunn, og dessutan gir det auka drivstofforbruk og CO₂ utslepp.", heiter det i resolusjonen som blei fremja av 2. kandidat til Stortingsvalet, Carl-Henrik Moltemyr.
Fleire grunnar
Det er ei rekkje grunnar til at Høgre i More og Romsdal vil at landsmøtet i partiet snur om CO2-avgift for fiskeflåten, seier Monica Molvær, 1. kandidat til Stortingsvalet, til Nett No:
* Ein del av fiskeflåten bunkrar i utlandet, for å unngå CO2-avgifta. Dermed bidrar CO2-avgifta til å auke CO-utsleppa i staden for å redusere dei.
* CO2-avgifta er konkurransevridande fordi den berre råkar norske fiskarar.
* Uro for korleis korleis kapasiteten i netteverket av norske bunkringsstasjonar blir dersom fiskeflåten flyttar bunkring av drivstoff til utlandet. Det er også eit beredskapsspørsmål, som kan ha påverknad også for militære fartøy.
Dempa effekten
Like etter at Marianne Sivertsen Næss (Ap) vart fiskeri- og havminister i fjor sa ho til Nett No at ho skjøna kritikken frå fiskarane mot CO2-avgifta, og planane om å auke avgifta vidare gradvis fram til 2030. Svaret hennar var å auke kompensasjonen for CO2-avgifta slik at det ble liten reell auke å betale.
No går Møre og Romsdal altså vidare, og foreslår å fjerne heile avgifta.
Les også
Regjeringa vil ta meir av rekninga for fiskarane si CO2-avgift.
Fiskeflåten manglar teknologien som trengst, seier statsråd Marianne Sivertsen Næss (Ap).
Publisert: 03.02.2025 11:11
Sist oppdatert: 03.02.2025 19:22