Oppdrett Vartdalsfjorden
TIL MOTMÆLE: Erling Sande (Sp) tek til motmæle mot stortingsrepresentantkollega Olve Grotle (H) i dette innlegget om skattlegging av oppdrettsnæringa. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Synspunkt

Havbruksnæringa er viktig for heile Noreg

Senterpartiet og Høgre har berre ulike metodar for korleis dei vil dra inn pengar frå oppdrett, skriv Erling Sande (Sp) - og ber Høgre vere ærlege i debatten.

13.12.2022

Gode Olve Grotle, eg kjenner deg som ein sakleg debattant. Når du går breitt ut og påstår at rekordutbetaling frå Havbruksfondet som regjeringa sikrar havbrukskommunane våre er ein bløff, så går du utover ein sakleg debatt. Vi bør klare å diskutere politiske uenigheiter utan å bruke ord som bløff og løgn.

Utbetalingane er rekordstore, og dei er rekordstore fordi regjeringa meiner alvor med at kommunane som har oppdrettsaktivitet skal kome styrka ut av den nye grunnrenteskatten.

Eg tek gjerne ein sakleg diskusjon om ulemper og fordelar med grunnrenteskatten. Føresetnaden for dette må være at og Høgre er ærlege om at dei ynskjer å dra inn store summar frå oppdrettsselskapa, noko Grotle ikkje nemner i sitt innlegg. Senterpartiet og Høgre har berre ulike metode for korleis vi vil gjere dette.

Høgre ynskjer ei auke i produksjonsavgifta. Ei avgift som ikkje tar omsyn til størrelsen på selskapet eller om selskapet går i underskot eller overskot.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet brukar ein skatt på overskot, med botnfrådrag som alternativ. Dei minste og lokaleigde selskapa kjem betre ut med ein slik modell. Høyringsrunda, som no går, vert viktig for å sikre ei utforming av denne skatten som er fornuftig. Utviklinga i næringa har vore stadig større selskap, med stadig meir innslag av utanlandsk eigarskap. Då er det viktig å skjerme dei mindre lokaleigde selskapa.

Når det endelege forslaget til grunnrenteskatt for havbruk kjem, vil det vere ein skatt som tar noko av det store overskotet til dei største oppdrettsselskapa. Dei pengane vil gå både til kommunane og staten. I motsetnad til forslaget til grunnrenteskatt som Høgre lufta når dei var i regjering – då skulle alt gå til staten.

Høgre fremma forslag om at kommunane berre skulle få 20 prosent av utbetalingane frå havbruksfondet. Fleirtalet i Stortinget endra dette til 40 prosent.

No legg Senterpartiet og Arbeiderpartiet endå 800 millionar inn til havbrukskommunane. Dette er riktignok ei tilføring fordi auksjonsinntektene vart lågare enn forventa. På same tid er det eit klart signal til kysten om at det skal løne seg å legge til rette for næring.

Havbrukskommunane våre vil sitte att med meir for å styrke kommunale tenester som barnehagar, skular og eldreomsorg. Staten vil få midlar som kan brukast for å styrke beredskapen gjennom forsvaret, politiet og den sivile beredskapen samt å heve dei i samfunnet vårt som har minst.

Havbruksnæringa har eit samspel mellom store og små aktørar. Næringa er viktig for heile Noreg. Difor vil regjeringspartia òg legge til rette for vekst i næringa.

Publisert: 13.12.2022 12:10

Sist oppdatert: 13.12.2022 13:05

Mer om