Agnes Laegreid Natur og Ungdom Foto Lovise Rannekleiv 2
Agnes Mathilde Granli Lægreid er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Foto: Lovise Tokle Rannekleiv
Synspunkt

Ingen teikn til omstilling i sjømatnæringa

Når ei næring som kveler livet i fjordane våre, og ikkje viser vilje til endring i ei grønare retning ber om å få vere sentral i omstillingsplanen, må dei vere klare for ei ordentleg opprydding, skriv Agnes Mathilde Granli Lægreid, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

I synspunktet «Ingen omstilling uten sjømatnæringen» skryter Krister Hoaas i Sjømat Noreg hemningslaust av den ledande posisjonen oppdrettsnæringa har i klimaomstillinga. Det er klart at vi må ha arbeidsplassar og sysselsetting etter oljealderen, men eg lurer på om ikkje gjengen i Sjømat Noreg bør ta ein kikk i spegelen før dei går ut og peikar. Når ei næring som kveler livet i fjordane våre, og ikkje viser vilje til endring i ei grønare retning ber om å få vere sentral i omstillingsplanen, må dei vere klare for ei ordentleg opprydding. Eg vil nytte dette innlegget til å løfte eit par poeng Hoaas gløymde:

1. Oppdrettsnæringa må seriøst slutte med denne grønvaskinga

I mars i år rulla Sjømat Noreg ut ein syte-og-klage-kampanje, der dei skal tene poeng og sympati på å legge seg flate, og peike på eigne problem, for å reinvaske omdømmet sitt. Med slagord som «Vi leverer en av verdens mest populære råvarer. – Men må levere betre på fiskevelferd.» skal næringa treffe særleg unge i byane. Dei unge har sett NRK-dokumentaren Brennpunkt, der store sår på fisken blir samanlikna med brune flekker på eple, som blir seld i norske matbutikkar, eller smugla ut av landet. Dei har sett presseoppslag om rekordhøg dødelegheit i norske oppdrettsmerdar i 2022, og fått med seg at den forverra miljøtilstanden i Hardangerfjorden, og at nedgangen i villaksbestanden heng saman med rømming, smitte og lus frå merdane. Og så har dei ikkje hatt så lyst til å ete fisken, fordi dei synest det er direkte ekkelt. Det er trist. Laks er sunt, og laks er godt. Med syte-og-klage-kampanjen speler næringa på dette, med appetittvekkande bilde og gode lovord. Bak dei fine orda, skjuler det seg nye skandalar.

2. Hetebølge og fiskevelferd, kva skjer i framtida?

Klima- og naturkrisa heng saman. Det går ikkje an å skilte med låge klimagassutslepp, når ein på same tid står for store naturøydeleggingar. Risikorapporten for norsk fiskeoppdrett viser at det i 2025 er låg kvalitet i tre, og moderat i åtte, av dei tretten produksjonsområda vi har langs kysten. Hetebølga som trefte Vestlandskysten sommaren 2024 får noko av skulda for at det var betydeleg meir smitte av lus frå produksjonsfisk til vill laksefisk, særleg sjøaure og -røye. Høgare temperatur i fjordane

kombinert med meir nitrogenutslepp frå næringa, har dessutan vist seg å gjere vasskvaliteten og miljøtilstanden dårlegare. Framover vil vi gå fleire varme somrar i møte, og vi må ruste oss til å møte dei. Løysinga er å flytte produksjonen frå opne merdar til lukka, utsleppsfrie.

3. Villaksen er trua, oppdrettsnæringa har skylda

Da villaksen hamna på raudlista i 2021, med status «nær trua», peika Artsdatabanken på lakselus, rømt oppdrettslaks og infeksjonssjukdommar som hovudårsak til svekkinga. Ser Sjømat Noreg den same fellesnemnaren mellom desse problema som eg ser? Ein svekka laksebestand får konsekvensar for dei som driv med laksefiske som fritidssyssel og rekreasjon. I år hadde vi det mest avgrensa laksefiskeåret nokon sinne. Når villaksen døyr ut, fell heile økosystemet kring den saman. Av dei over 800 naturtypane i Noreg som er vurdert på Raudlista, er nær halvparten trua.

4. Det kunne ha vore så bra, om de berre torde å satse!

Den sterke oppdrettslobbyen brukar massevis av tid, pengar og ressursar på å presse gjennom politikk og lovverk som gjer at dei kan halde fram omtrent som før. Når rapport på rapport, og fagutval på fagutval viser at det er for dårleg.

Havbruket kan godt vere ein del av klimaløysinga, og arbeidsplassane langs kysten også i framtida. Men det krev reel handling og endringsvilje. Det krev ein styrt overgang til lukka merdar, og å vere villige til å risikere ein inntektsdupp på veg til ein meir berekraftig næring.

Eg vil ikkje høyre eitt til ord om berekraft frå Sjømat Noreg før dei har gjort orda til handling, og vist at dei vil gjere det dei kan for å senke dødelegheita i merdane, at dei tar den kritiske tilstanden til villaksen på alvor, og betrar miljøtilstanden i produksjonen.

Publisert: 09.12.2025 15:19

Sist oppdatert: 09.12.2025 15:19