I dekninga av valkampen har Nett.no merka seg innlegget mitt om fiskeindustrien. I eit innlegg til mogelege stortingspolitikarar frå Møre og Romsdal hadde eg fokus kva betydning fiskeindustrien har i fylket. Den gir oss først og fremst viktige industriarbeidsplassar. Desse arbeidsplassane er heilt naudsynte for at ressursane i havet skal skape verdier for heile samfunnet. Eg peikte og på at evna vår til å gjere oss nytte av mat frå havet har avgjerande betydning for landet sin matberedskap.
Nett.no har heilt korrekt oppfatta at fiskeindustrien si viktigaste utfordring er tilgang til råstoff. Dei fantastiske råvarene vi kan hente opp i havområda våre og langs kysten vår er ettertrakta, ikkje berre i Norge, men også i dei internasjonale marknadene. Det er i denne råvaremarknaden bedrifta vår og kollegaene våre om den norske fisken å halde lokal produksjon i gang.
Fiskeindustrien er noko så spesielt som ein moderne og lønsam næringsmiddelindustri som hevdar seg i internasjonal konkurranse. På eitt område må vi likevel ha støtte frå politikarane; dei må sørge for at vi får lov til å konkurrere om fisk som er fiska på norske fiskekvoter. Til nett.no seier styreleiar i SUROFI, salslaget som legge premissane for omsetning av fisk som blir lossa i vårt distrikt, at dei «gjer det dei kan for å halde på ein levedyktig fiskeindustri».
Alle som skal byggje industri treng ei form for tryggheit for framtida. I fiskerinæringa er vi vane med at kvotane varierer frå år til år. Industrien er tufta på kunnskap om å tilpasse seg desse variasjonane. Men skal vi vere i stand til å gjere vidare investeringar i moderne teknologi, vere ein ettertrakta arbeidsplass, halde på dei menneske som har kompetansen må vi ha tryggheit for at vi kan konkurrere om dei norske fangstane.
Vi har heldigvis politikarar som no ser at det må setjast krav til kvoteigar og til fiskarane sitt salslagssystem, for å sørge for at fisken blir tilgjengeleg i ein open marknad. Dette er i tråd med føremålet med fiskesalslagslova. I handsaminga av den såkalte kvotemeldinga i Stortinget ga Stortinget ei klar retning for korleis Salgslaga skal innrette seg for å sikre dette.
Surofi og Råfisklaget i nord har førebels valt å ikkje rette seg etter marsjorden frå Stortinget. Det vekker desverre til live nokre prinsipielle problemstillingar knytt til kven som skal bestemme over ressursane i havet.
I ei tid med rekordlåge kvoter, og knappheit på råvarer er det skuffande og uforståeleg at salslaga ikkje i større grad spelar på lag med industrien.
Klikk på lenka under for å lese artikkelen der Sperre kjem med kritikk av salslaga, og styreleiar i Surofi, Tore Roaldsnes, svarar på kritikken.
Publisert: 11.09.2025 10:11
Sist oppdatert: 11.09.2025 10:16