003421
Møre og Romsdal Fylkeskommune har fått sitt første klimabudsjett, som skal vere styringsverktøy for fylket sitt arbeid for å redusere utslepp av CO2. Foto: Møre og Romsdal Fylkeskommune
Synspunkt

No blir politikarane sekundert i klimakampen

No skal politikarane årleg bli sekundert i kampen for lågare utslepp av klimagassar, skriv fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm og klima- og miljøkoordinator Ingeborg Simonsen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

For første gong er det laga eit klimabudsjett for Møre og Romsdal som fylke og for fylkeskommunen som verksemd.

No skal politikarane årleg bli sekundert i kampen for lågare utslepp av klimagassar.

Kva er eit klimabudsjett? Eit klimabudsjett og klimarekneskap er eit viktig styringsverktøy for å oppnå reduksjon i klimagassar og andre vedtatte klimamål. Det er og eit bidrag i arbeidet med å avgrense klimaendringane, som Noreg har forplikta seg til gjennom Parisavtalen og i FN sine 17 berekraftsmål.

Kvifor klimabudsjett? Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal har følgt opp Noreg sine forpliktingar med å vedta desse måla:

* Møre og Romsdal skal bli miljøfylke nr. 1.
*Møre og Romsdal skal «redusere klimagassutsleppa slik at fylket er klimanøytralt i 2030, og bidra til 55 prosent kutt i ikkje-kvotepliktig sektor».

Då fylkestinget i desember i fjor vedtok budsjett og økonomiplan for 2021-2024, bad dei «om at det utarbeidast klimabudsjett og klimaregnskap for fylkeskommunens verksemd». Det har fylkeskommunedirektøren no levert. Når fylkestinget blir samla i desember og skal vedta budsjett og økonomiplan for 2022-2025, ligg det for første gong på bordet eit klimabudsjett og eit klimarekneskap for fylkeskommunen som verksemd.

I tillegg har fylkeskommunedirektøren tilrådd å lage klimabudsjett og -rekneskap også for fylket sitt geografiske område fordi det vedtatte fylkesplanmålet gjeld direkte utslepp i heile Møre og Romsdal.

Kva fortel klimabudsjettet om vårt utslepp av klimagassar?

Det geografiske Møre og Romsdal: Utsleppa av klimagassar (CO2, metan og lystgass) i Møre og Romsdal har halde seg stabile dei siste ti åra. For fylket isolert var utsleppa av klimagassar i 2019 på 2.445.773 tonn CO2-ekvivalentar.

Dersom vi bryt tala ned på individnivå, har kvar innbyggar i Møre og Romsdal eit utslepp på 9,2 tonn. Det er 3,3 tonn mindre enn Nordland, som har størst utslepp, men 7,4 tonn meir enn kvar innbyggar i Oslo som har minst, ifølge Miljødirektoratet.

Utsleppa frå industri, olje og gass, der dei fleste verksemdene er kvotepliktige, er store i fylket vårt. I Møre og Romsdal utgjer dei kvotepliktige utsleppa ca. 40 % av totalutsleppa. I denne sektoren finn vi store utsleppskjelder som Tjeldbergodden i Aure, Hydro Aluminium i Sunndal, Nyhamna i Aukra og Hustadmarmor i Hustadvika.

Av dei ikkje-kvotepliktige sektorane, utgjer sjøfart 27 prosent av dei totale utsleppa i fylket, mens jordbruk og vegtrafikk står for 11 prosent kvar.

Fylkeskommunen som verksemd: Vi har ikkje så gode tal for verksemda sine direkte utslepp. Einingane i Møre og Romsdal fylkeskommune er sertifisert som Miljøfyrtårn, og gjennom den årlege rapporteringa får vi fram tal på energibruk, transport og avfall. Desse tala er nytta som grunnlag for klimarekneskapen for verksemda.

I tillegg er rekneskapen komplettert med tal for mobilitets- og kollektivtransporten. Men utsleppsrekneskapen er ikkje komplett. Vi må arbeide vidare med å forbetre datainnsamlinga slik at rekneskapen blir meir korrekt og dannar eit betre utgangspunkt for å sette mål og tiltak for verksemdas utsleppsreduksjon.


Utslepp frå verksemda Møre og Romsdal fylkeskommune 2020. Tal for tenestereiser med fly er ikkje med.
SektorFylkeskommunal kategori

Utslepp tonn CO2

OppvarmingOljefyring13
Sjøfart

Ferje og hurtigbåt

70673
VegtrafikkBuss17559
VegtrafikkTenesterreiser m bil223
SUM88467

Metodikken vil utvikle seg: Sidan dette er det første klimabudsjettet som Møre og Romsdal fylkeskommune har laga, er det lagt ned mykje jobb i å få på plass metodikken. Og arbeidet med å lage klimabudsjett er nytt. Metodane er under utvikling, og ulike verktøy nyttar ulike metodar og avgrensingar. Det betyr at klimabudsjettet vil utvikle seg frå år til år og at vi kan komme i situasjonar der tala ikkje er direkte samanliknbare frå det eine året til det neste.

Våre fylkespolitikarar fortener stor ros for å ha sett ambisiøse klimamål og etterspurt eit klimabudsjett og -rekneskap. Dei har tatt inn over seg at «Dei store klimaendringane trugar vårt eksistensgrunnlag og er ei av dei største utfordringane vi står overfor.»

Det blir framover viktig å gjere innbyggarane oppmerksame på at dersom vi ikkje gjer noko, så vil vi ikkje nå måla. Vi må synleggjere at vi må gjere meir enn i vi gjer i dag. Alvoret har ikkje gått opp for alle, men eit klimabudsjett kan sette det på dagsorden. No er det kode rød for kloden vår, og dersom vi fortset som i dag, så vil ikkje framtidige generasjonar ha dei same moglegheitene som oss.

Utfordringsbildet: Skal vi få ned klimagassutsleppet i Møre og Romsdal, så er vi nøydde til å samarbeide på tvers. Næringsliv, kommunar og fylkeskommune må vere med – vi må jobbe i nettverk for å lære av-, inspirere- og pushe kvarandre.

Når det gjeld verksemda fylkeskommunen, treng vi meir kompetanse om effektane av klimatiltak. Kva kan fylkeskommunen til dømes gjere som regional utviklingsaktør? Kva vel vi å kjøpe inn? Og kva for krav stiller vi når vi tildeler tilskot?

Vi må ikkje miste motet av at nokre tal er usikre eller at enkelte tiltak ikkje gir tydelege utslag på dei totale utsleppa. Vi ser at det er mogleg å redusere klimagassutsleppa – blant anna ser vi gode resultat av kva som er gjort og kva som er planlagd innanfor samferdselssektoren med el-ferjer og el-bussar. Vi må berre fortsette å jobbe systematisk.

Vi skal i åra framover sørge for sekundering gjennom klimabudsjett og klimarekneskap. Og dersom vi alle blir enda flinkare til å samarbeide, er det håp om å nå målet.

Publisert: 16.11.2021 14:02

Sist oppdatert: 16.11.2021 23:03

Mer om