Jens Stoltenberg foto finansdepartementet pa flickr
OMBESTEMTE SEG: Finansminister Jens Stoltenberg. Foto: Finansdepartementet.
Nytt

CO2-retrett frå regjeringa

Utset omstridd endring i CO2-avgifta for fiskeflåten.

21.07.2025

I juni varsla finansminister Jens Stoltenberg (Ap) att fritaket for CO2-avgift for fiskefartøy i utenriks fart skulle opphevast frå 1. juli. No er endringa utsett til 1. januar neste år.

Fritaket gjorde det råd å fylle drivstoff i Noreg, deretter gå til utanlandske hamn og starte fisket derfrå, og dermed få fritak for den norske CO2-avgifta på drivstoff til fiskeflåten.

Endringa vart møtt med store protestar frå både drivstoff-bransjen og fiskerinæringa. No har departementet utsett endringa.

Ei klok avgjerd til beste for både Noreg og miljøet skriv bransjeorganisasjonen Fiskebåt på si nettside.

"Vi har hørt på bekymringene fra flere hold om at stengingen kunne medført økt karbonlekkasje og bunkring i utlandet. Dersom det blir resultatet truer det bunkringsinfrastruktur, havneaktivitet og kystsamfunn. Regjeringen utsetter derfor stengingen av CO₂-avgiftsfritaket for fiskefartøy til 1. januar 2026. Det skal bidra til å forhindre karbonlekkasje og sikre fortsatt aktivitet i norske havner og kystsamfunn", sier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding.

Rosar Kjølmoen og LO
Administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt seier til Nett No at organisasjonen dei siste 14 dagane har arbeidd for å få omgjort vedtaket og rosar samarbeidet med stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå Ap) og LO.

Fiskebåt sitt mål er å fjerne heile avgifta og argumentet er at den er ei særnorsk avgift som ikkje gir redusert utslepp av CO2, men berre medverkar til at dei norske fiskarane som kan, omgår avgifta. Om dei ikkje kan omgå avgifta ved å fylle drivstoff i Noreg og deretter starte fisket frå utanlandsk hamn vil dei gå over til å fylle drivstoff i utlandet eller frå tankbåtar i internasjonalt farvatn.

Frykta nedlegging
Ålesund-selskapet Bunker Oil driv bunkerstasjonar for skipsflåten - medrekna fiskefartøy - langs heile kysten. 

Då Stoltenberg varsla regelendringa sa Bunker Oil at kanselleringa strøymde inn og at selskapet vurderte permitteringar og å legge ned alle sine anlegg i Finnmark.

– Fritaket gjorde det mogleg for fiskefartøy å bunkre i Norge, no blir kostnaden dessverre for stor, sa driftsdirektør Maren Kleven Fox hos Bunker Oil til Nett No.

Snuoperasjon
Under Erna Solberg-regjeringane vart det vedtatt ein opptrappingsplan for CO2-avgifta fram mot 2030, som Støre-regjeringane har vidareført.

Poenget med avgifta er gjere det dyrare å bruke diesel som drivstoff og dermed stimulere til omlegging til andre energikjelder som ikkje gir CO2-utslepp. Problemet er mangel på alternativ til diesel og at avgifta er særnorsk. Det gir utanlandske fiskarar ein konkurransefordel, og gjer det attraktivt for norske fiskarar å omgå ordninga.

Tidlegare i år vedtok Høgre å ombestemme seg om CO2-avgift og vil no fjerne den om partiet kjem til makta, slik også Frp og Krf vil gjere.

I fjor auka Støre-regjeringa rett nok avgifta, men vedtok samstundes å utvide den såkalla kompensasjonsordninga slik at den praktiske konsekvensen av avgiftsauken vart liten.

Publisert: 21.07.2025 10:42

Sist oppdatert: 21.07.2025 12:27

Mer om