Det er eit paradoks at stadig fleire skipskontraktar går ut av landet, samtidig som Stortinget vedtek historiske satsingar på forsvar, beredskap og nasjonal sikkerheit.
Kompetansen finst i Noreg, kapasiteten finst i Noreg, og behovet for beredskap er større enn på fleire tiår.
Likevel ser vi at stadig fleire fartøy blir bygde ved utanlandske verft, ofte i land som aktivt støttar eigen industri gjennom finansieringsordningar, garantiar og andre målretta verkemiddel.
Vi leverer i dag eit opprop frå ordførarar i maritime kommunar langs kysten om konkurransekraft, beredskap og levande kystsamfunn.
Noreg står i ei tid prega av aukande internasjonal uro, skjerpa geopolitisk konkurranse og eit større fokus på nasjonal beredskap og forsyningssikkerheit.
Som ordførarar i kommunar med sterke maritime miljø er vi uroa over utviklinga vi ser. Vi kan ikkje snakke om å styrke beredskap, samtidig som stadig større delar av skipsbyggingskapasiteten blir flytta ut av landet.
Les også
Den maritime industrien og verftsnæringa handlar ikkje berre om arbeidsplassar og verdiskaping. Den handlar også om nasjonal kapasitet, teknologisk sjølvstende og evna til å levere når samfunnet treng det.
I møte mellom næringa og politisk leiing i Nærings- og fiskeridepartementet vart det uttrykt bekymring for at auka aktivitet i verftsindustrien kan bidra til press i norsk økonomi. Dette bodskapet har skapt stor uro i næringa, og har i etterkant blitt formidla vidare til oss som representerer kommunar med sterke maritime miljø.
For oss er det vanskeleg å forstå at fleire arbeidsplassar, auka verdiskaping og høgare aktivitet ved norske verft skal vere eit argument mot å styrkje næringa sine rammevilkår.
Det er oppsiktsvekkjande dersom auka aktivitet i norsk verftsindustri først og fremst blir sett på som eit bidrag til økonomisk press, og ikkje som eit bidrag til styrkt beredskap, auka verdiskaping og levande lokalsamfunn langs kysten.
I ei tid der Europa rustar opp og NATO styrkjer si operative evne, må også vi stille oss spørsmålet: Kva rolle skal norsk maritim industri spele i framtidas beredskap?
Vi meiner svaret er enkelt.
Noreg må ha ambisjonar om å oppretthalde og vidareutvikle eigen skipsbyggingskapasitet. Noreg må
ta mål av seg til å vere det naturlege valet, både for eigne behov og for våre allierte.
Vi ber om at Noreg har like store ambisjonar for eigen skipsbyggingsindustri som våre naboland og våre viktigaste konkurrentland har for si.
Den siste tida har fleire større kontraktar innan brønnbåt-, arbeidsbåt- og subseasegmentet blitt tildelte kinesiske verft. Dette er fartøytypar som tradisjonelt har vore blant dei viktigaste marknadssegmenta for norske verft, og som har bidrege til å byggje opp den maritime kompetansen Noreg er kjend for internasjonalt.
Forskjellen i pris mellom norske og kinesiske verft er i mange tilfelle blitt så stor at norske verft i praksis ikkje får moglegheit til å konkurrere om kontraktane. Samtidig konkurrerer dei mot verft som er støtta av omfattande finansielle og industripolitiske verkemiddel. Dette understrekar behovet for ein langt meir offensiv norsk verftspolitikk.
Skal vi lukkast, må verkemidla ikkje berre styrkje verfta. Dei må også gjere det attraktivt for norske og europeiske bestillarar å velje norske verft framfor utanlandske alternativ.
Vi er ikkje opptekne av kva verkemiddel som blir valde. Det avgjerande er at den komande maritime
strategien inneheld konkrete og kraftfulle tiltak som styrkjer konkurransekrafta til norske verft, og
som gjer det attraktivt for norske aktørar og velje norsk leveranse og samtidig bli med på og bygge
beredskap langs kysten vår.
Noreg treng ikkje fleire utgreiingar om verdien av maritim industri.
Noreg treng ein offensiv verftspolitikk.
Vi forventar at den komande maritime strategien leverer nettopp det.
Dette er ordførarane og fylkesordførarane som har signert oppropet:
Stian Skorgen Scheide (Ulstein), Turid Humlen (Sula), Dag Vaagen (Sande), Randi Bergundhaugen (Vestnes), Vebjørn Krogsæter (Haram), Haakon Lykkebø Strand (Ålesund), Bengt Solheim-Olsen (Kinn), Marit Liabø Sandvik (Heim), Per Sverre Kvinlog (kvinesdal), Morten Helland (Bømlo), Vegard Bjørnevik (Kvinnherad), Leiv Arne Marhaug (Karmøy), John Lernes (Hitra), Sigbjørn Framnes (Stord), Kjell Eide (Hyllestad), Judith Kvåle (Stad), Anders Riise (Møre og Romsdal) Arne Thomassen (Agder).
Publisert: 16.06.2026 10:19
Sist oppdatert: 16.06.2026 10:19






