NTB O rh L Dbe ZGM
MERÅKER: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og landbruks- matminister Sandra Borch holder pressekonferanse på Meraker Brug. Foto: Ole Martin Wold / NTB
Synspunkt

Norsk viktig etter behag?

Høgre-leiar i Sande, Inge-Jonny Hide, skriv om eigarskap i dette innlegget.

24.10.2022

Sist veke fronta Arbeiderpartiet og Senterpartiet kor viktig det er at norske naturressursar er på norske hender. Dette skjedde gjennom kjøpet av Meraker Brug for 2,65 milliardar kroner. Retorikken er krystallklar på norsk råderett over norske naturressursar. Flott - heia Norge – vi vann.

Men: Mitt spørsmål er kvar den same retorikken blir av når det kjem til norske eigarar av norske verksemder? Allereie FØR det no verdskjende (i negativ forstand) skattesjokket som særskilt råkar den norske eigarskapen – så har dagens regjering auka kraftig den særnorske skattlegginga av dei norske borgarane som eig og driv verksemder i vårt stolte fedreland.

Ja, våre felles nasjonale ressursar gjennom oljen, fisken, vasskrafta, reiseliv og andre naturgitte føresetnader i dette landet er viktige. Og, nokon av desse ressursane kan heller ikkje flyttast. Men, kor rike hadde vi vore i dette landet om vi ikkje hadde gründerar, bedriftseigarar, tilsette og eit samfunn rundt som evna å gjere verdiskaping av desse ressursane? Nokon som satsa sparepengar og heile arbeidsliv på å bygge både verksemd og ofte store bidrag til samfunnet rundt verksemdene?

Gjennom politikken og vårt fellesskap blir lovar og reglar – også skattereglar – for vårt norske samfunn utforma og handheva. Så skjer det at nokon i dette landet maktar å bygge verksemd – og det er desse vi høyrer mest om, og som vinn i den internasjonale konkurransen og kanskje til og med blir verdt mange millionar eller milliardar kroner.

Er det då greitt å brått gjere om på retorikken? Då skal eigarane omtalast nesten som kriminelle – då skal ein «ta dei rike eigarane»?? Eg meiner det som i hovudsak kjenneteiknar den norske eigarskapen er driven etter å ville skape verdiar i og rundt verksemdene – for så å re-investere i vidare vekst og utvikling. Eit anna kjenneteikn er viljen til å betale skatt på inntekt og det som blir faktisk blir teke ut av dei same verksemdene som gevinst på investeringa (utbytte).

Syns vi verkeleg det er greitt å skattlegge den norske eigarskapen ut av landet? Syns vi verkeleg det er greitt at for møbelfabrikken, hotellet, fiskemottaket, utstyrsleverandøren eller skipsverftet – så skal det vere direkte negativt å ha ein norsk eigar? Trur neppe tilsette i ei norskeigd verksemd kan tenkje seg å arbeide ein time eller to gratis for dag for å dele på byrda dersom verksemda er norskeigd? Kan det vere verdt å faktisk lytte litt til dei alarmerande signala som kjem frå nord til sør?

Eller skal vi slik AP, SP og deira vener svarar på kritikken: Vi håpar at det går bra og meiner det er på sin plass at dei rike skal bidra meir.

Er ikkje den norske eigarskapen også ein viktig ressurs? På lik linje med skog, vatn og beiteområde for rein?

Kven får trua på å skape næring rundt i dette landet – når våre eigne som både har trudd og gjort – ikkje lenger bør vere i landet om dei ikkje skal øydelegge den verksemda dei sjølve har satsa alt på å bygge opp?

Med helsing,
Inge-Jonny Hide
Leiar, Sande Høgre

Publisert: 24.10.2022 10:41

Sist oppdatert: 24.10.2022 16:52

Mer om